Blå ekstra?

Tysdag 14. januar, kl. 18.10-19.00 i foajeen ved gymsalen på Vinjar, blir det kurs med innføring i glid og feste på langrennski. Alf Odden går gjennom grunnleggjande og enkelt opplegg for å god glid og godt feste på skia. Kurset er ope for alle og det er spesielt retta mot dei som ønskjer basiskunnskap innan stell av ski. Du som er forelder/ besteforelder/føresett til nye skiløparar er spesielt velkomen 🙂 Å få gode ski er slett ikkje så avansert som mange vil ha det til! Det blir òg litt snakk om HMS i smørjebua.