Suldal IL og Statkraft Energi AS har inngått ein ny samarbeidsavtale for åra 2020-2022, med opsjon på ytterlegare to års forlenging.

Statkraft har i ei årrekkje vore ein viktig bidragsytar for idrettslaget, og med denne avtalen vil det gode samarbeidet fortsetje i mange år til. Statkraft, saman med dei andre hovudsponsorane, sikrar eit solid og langsiktig grunnlag for all aktivitet i idrettslaget. Suldal IL ser fram mot godt samarbeid i åra som kjem!