Suldalsrennet går i fristil

Suldalsrennet blir trass mild vinter arrangert laurdag 8. februar kl. 13 som oppsett! Me må derimot på grunn av lite snø gjera endringar av løypetrasè og start/mål. Vegen i Breiastølsdalen som ligg om lag to km aust for lysløypa blir brukt som reservearena og parkering blir ved offentleg parkeringsplass ved skisenteret.

Gullinghuset ved lysløypa er ope til bruk som varmestove og garderobar. Startnummer blir delt ut lagsvis i sekretariat ved start/mål i Breiastølsdalen, og dersom vêret tillèt det blir det kiosk og premieutdeling same staden. Minnar om eige barnerenn kl. 12.30 for dei under 8 år med påmelding innan kl. 12 ved start. Hugs påmelding gjennom Min Idrett for dei som er 8 år og eldre, innan 6. februar! Meir info om løyper kjem.