Friske skøytetak

Om lag hundre løparar med smått og stort deltok i helga i Suldalsrennet i Breiastølsdalen. Trass i til tider frisk vind og blautt snøvêr, var det ingenting å seie på innsatsen til løparane, både lokale og tilreisande

Suldalsrennet 2020 resultat   Suldalsrennet 2020, 0-7 år

Om lag hundre løparar med smått og stort deltok i helga i Suldalsrennet i Breiastølsdalen. Trass i til tider frisk vind og blautt snøvêr, var det ingenting å seie på innsatsen til løparane – både lokale og tilreisande, frå Gjesdal i sør til Røldal i nord. På grunn av man

Klar til start

glande snø i lysløypa blei Blåsjøvegen brukt som reservearena med start og mål innom skitrekket.

Først ut var dei yngste mellom to og sju år. Sjølv om dei ikkje blei tekne tida på, fekk dei starte akkurat som dei store med startnummer, startklokke og målstrek. Her vanka både varm saft og premiar, noko som kunne vere godt å få i vintervêret.

Frå åtte år og oppover får deltakarane gå på tid, men ein blir ikkje rangert før ein er elleve år. Løypelengda auka med årsklassane, frå 1 km for dei yngste til 10 km for juniorar og seniorar. I fristil og med god glid kjempa jenter og gutar seg innover løypa i dalen før dei snudde og kunne dra nytte av medvinden heim att til mål.

Etter skirennet var det kiosk, varmestove og tilhøyrande premieutdeling i Gullinghuset.

Kompakt stadion på Blåsjøvegen