Sist møte med Sviland på heimebanen deira er ein av dei legendariske kampane. Då enda det 5-5 i eit øsande regnver, og Sviland rykka den sesongen opp til 4. div. Før denne kampen låg dei sist på tabellen, men i denne pulja kan alle slå alle har det vist seg.

Ligg det tre poeng og ventar i enden av regnbogen?

Ligg det tre poeng og ventar i enden av regnbogen?


Oppladninga til kampen vart litt amputert denne gangen, for då me kom inn i garderoben var det ein vesentleg ting som mangla. Kva det var, og kven som hadde skulda for det, kjem kanskje til å komme fram i kommentarfeltet på heimesida? Det får bli opp til andre å berette om. Men Kjetil B. skal ha stor takk for at han ordna opp, og kampen kunne starte eit kvarter forsinka.

Kan det vere draktene til bortelaget Sviland speidar etter?

Kan det vere draktene til bortelaget Sviland speidar etter?

Det var Suldal som styrte spelet frå starten av. På ei strålande grasmatte viste bortelaget mange fine kombinasjonar. Ballen glei fint mellom spelarane. Etter 9 minutt resulterte dette i mål. Tor Olav Berge tok frispark frå ca 40 meter. Det pleier å bli farleg… Denne gang slo han ballen bak i motstandaren sitt felt. Øystein Nærheim fekk tak i ballen og spelte inn til Tore Sørås som stod heil åleine på femmeteren. Han kunne enkelt styre ballen i mål. Flott start på kampen.

Sviland hadde nokre halvsjansar i omgangen, men målvakta for dagen, Hans Olav Brustveit, fekk ikkje dei store utfordringane og rydda fint opp. Heimelaget sine visittar førte til eit par gode kontringsførsøk. To ganger prøvde Tore seg på langpasning som skulle overlumpe Sviland. Det eine forsøket var presist, Vegard Aas kunne fosse frå forsvaret, men åleine med keeper fekk han ikkje heilt treff på ballen. Dessverre måtte Vegard ikkje lenge etterpå ut med ankelskade. Vonaleg har han besna til neste helg.

20 minutt ut i kampen kom mål nummer to. Tore hadde ballen utanfor straffefeltet. Han slo ballen gjennom bakre firar, ballen spratt i ein motspelar og dalte ned i feltet til ein Geir Bjarte Hoftun i god, gammal form. Han kunne enkelt stange ballen over keeper og i mål. Resten av omgangen kontrollerte Suldal stort sett greit, men Sviland kom litt for lett gjennom midtbanen vår.

Det nye oppvarmingsantrekket til Suldal. Skotøyet er det ingenting å seie på, men det må du klikke på biletet for å sjå.

Det nye oppvarmingsantrekket til Suldal. Skotøyet er det ingenting å seie på, men det må du klikke på biletet for å sjå.

Hans Olav er ein sporty kar og stiller som målvakt på kort varsel. Takk-takk!

Hans Olav er ein sporty kar og stiller som målvakt på kort varsel. Takk-takk!

I pausen prøvde me å gjere noko med det. Me la om til ein hengjande spiss som skulle stoppe midtbanen deira, og det såg ut til å hjelpe. Sjølv om Sviland hadde ballen ein del, så kom dei ikkje så lett gjennom. Suldal låg kontrollert og jobba godt. Blandt anna kjempa Rene Adjemi som ein helt og fekk drøssevis med frispark sidan han vart tatt bakfrå gang etter gang.

59 minutt ut i kampen jobba Geir Bjarte inn ein ball inne på Sviland sin banehalvdel. Litt heldig var han nok, at ikkje dommaren bles han av for ein ureglementert involvering i forkant av ballvinninga. Men spelet gjekk vidare. Bjørn M. Steine fekk ballen på kanten og slo eit flott innlegg til luftens baron Øystein. Han heada, keeper redda, men Erik Bård Bråtveit var vaken og styrte returen i mål. Det stod 3-0, og me trudde me hadde sigeren i lomma.

Så enkelt er det derimot ikkje. Sviland er ikkje lette å slå, det har mange fått erfare. Tore slit med eit kne som ikkje oppfører seg, og me tok han derfor ut for å spare dette. Då tok heimelaget over. Dei fekk kontroll over midtbanen og kom til fleire sjansar. Forsvar og målvakt fekk i første omgang klarert til hjørnespark, men hjørnesparka vart

Kva namn skal Suldalssupportarane få? Nokon forslag?

Kva namn skal Suldalssupportarane få? Nokon forslag?

farlege. Heimelaget hadde eit par høge karar som tok komando i luftrommet, og dei greidde å kjempe inn to kjappe mål. Dermed vart Suldal temmeleg stressa. Det såg så skummelt ut, at Tore beit smertene i seg og gjekk inn i kampen igjen. Då roa det seg noko. Dei 10 minutta utan kapteinen på banen viste litt for tydeleg kor viktig han er for laget. Han har ein god evne til å roe ned og skape kontroll ved at han alltid er spelbar og aldri sender frå seg ballen før han har kontroll på at den når fram til ein medspelar.

Dei siste  minutta handla det om å ligge bakpå, skyve rett og få tida til å gå. Til slutt kunne me letta juble for tre nye poeng. Men det kunne fort blitt fortente poeng til heimelaget. Den første timen var god frå Suldal si side, medan den siste halvtimen var til tider overkøyring frå heimelaget. Moralen er dermed: 3-0 er ei endå farlegare leiing enn 2-0!

Fakta:

Mål:

9 min: 0-1 Tore Sørås

20 min: 0-2 Geir Bjarte Hoftun

God kamp av GB. Mål og poeng på børsen.

God kamp av GB. Mål og poeng på børsen.

59 min: 0-3 Erik Bård Bråtveit

75 min: 1-3 Sviland

78 min: 2-3 Sviland

Vinjar Låjen poeng:

3 poeng: Tore Sørås

2 poeng: Geir Bjarte Hoftun

1 poeng: Bjørn M. Steine

Gule kort:

Tor Olav Berge + eitt til Sviland

Lag:

Hans Olav Brustveit – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Vidar Hilde – Øystein Nærheim, Tore Sørås, Rene Adjemi, Bjørn M. Steine – Vegard Aas, Geir Bjarte Hoftun

Innbyttarar: Erik Bård Bråtveit, Øyvind Gjuvsland