Etter ei helg med meir regn enn me hadde lyst på, var det bra i kveld å kunne stadfeste at snøen held og at me jamvel får påfyll av det kvite. Nå skal alt ligge til rette for ein fin skikveld att og denne gongen er det Erfjord IL som er arrangør. Om du ikkje har fått meldt deg på før, er det framleis mogleg. Møt opp i god tid, registrer deg og få eit startnummer enten vil gå trim eller konkurrere på tid. Trim startar frå kl. 17, tidtaking kl. 18.

Startliste 2. karusellrenn