Dei to siste helgene er det særleg Suldal IL sine seniorar som har vore i aksjon.

Den som reiste lengst og gjekk lengst var Øyvind Røgenes som deltok på det 90km lange Vasaloppet. Øyvind rapporterer om ein veldig tung dag, men greidde likevel ein 148 som er den beste plasseringa Øyvind har hatt i dette rennet.

Same helga var det ein stor delegasjon og gjekk den 43km lange Holmenkollmarsjen. Best av Suldølane på den fulle distansen var Magnus Bakka som vart nr 26 i M35-39. I M45-49 vart Arne Medhus nr 57, Raymond Krogh nr 82, Øyvind Kjetilstad nr 104, mens Åsmund Bakka vart nr 77 i M40-44 Den som verkeleg viste seg fram var Else Kristin Krogh som vart nr 3 i K40-44 på 26.5km distansen.

Denne helga representerte Simon Bjørheim Suldal IL på ein veldig god måte  i det 45km lange Sirdal Ski maraton med ein sterk 8 plass totalt og 3 plass i M21-29.

Det var og ein stor delegasjon som deltok på det 42km lange Helterennet. Her gjorde Øyvind Røgenes ein god figur med 11 plass total og sigar i M30-34år. Fort gjekk og Lars Lunde med 61 plass totalt og 3 plass i M40-44 og Magnus Bakka med 72 plass totalt og 6 plass i M40-44. Alf Odden prøvde seg og på turrenn og vart nr 378 og nr 45 i M55-59. Arne Mehus gjekk Halvhelten på 26km. Det gjekk svært fort og har vart nr 8 i ei stor klasse. Helterennet har og klasser for dei yngre løparar og her hevda Suldal IL seg svært godt. På den kortaste distansen vart Daniel Bakka nr 6 i G11 etter eit sterkt renn. I det 13km lange Ungdomshelten gjekk Tobias Lunde eit godt løp i G13 og vart nr 5. I same klassa hadde Thomas Bakka full klaff og gjekk heilt til topps etter å ha gått sigrande ut av eit skikkeleg spurtoppgjer.