Seniorane ut frå start.

Søndag 8. mars blei turrennet Mosvatnet Rundt igjen arrangert. Med usikre isforhold på vatnet måtte ein legge om løypetrasèen og runden om Hedlebrekk blei brukt. Med til dels mykje regn og snøsmelting heldt spora seg derimot godt og løparane fekk real klisterfør med god glid. 

Først ut var dei yngste løparane, 0-7 år, som med stor iver tok fatt på runden rundt på stadion. Til heiarop og god kommentering frå speaker gjekk dei i mål med både medaljar og varm saft i sikte.

Hovudfeltet i det lengste turrennet var i år veldig mannsdominert sjølv om ein hadde fleire heiderlege unntak med damer i miljøklassen. Med i den største starten var òg ungdomsløparar frå 13 til 16 år som gjekk èin runde. Seniorklassa enda med eit spennande spurtoppgjer mellom dei to raskaste løparane i regionen for tida, Øyvind Røgenes og Erlend Widerøe Hennig. Dei valde ulike taktikkar då det gjaldt skival kor Erlend gjekk på blanke ski og staka, medan Øyvind brukte feste på skia og kunne nytta seg av det i dei brattaste bakkane. Ei stund låg Hjelmelandsbuen opp imot eit halvt minutt før Røgenes og det såg ut som han skulle dra i frå. Sjølv om det ikkje var veldig lang løpstid var løypa krevjande og etter kvart kom Øyvind opp i ryggen att på Erlend. Inn mot mål hadde Røgenes mest å gi og stakk av med vandrepokalen, andre år på rad.

Nummer 1 og 2 på Mosvatnet rundt 2020. Øyvind Røgenes føre Erlend Widerøe Hennig i spurtoppgjeret.

Nummer 1 og 2 av miljøklassen, Else Kristin Kristin Hilde Krogh og Åshild Sukka Mehus.

I miljøklassen for kvinner var det Else Kristin Hilde Krogh som heldt unna for Åshild Sukka Mehus, medan Arne Storaker Mehus vann miljøklassen for menn.

Løparane mellom 13 og 16 år som her gjekk èin runde på om lag 7,5 km, imponerte att med solide løp og høg fart. Moro å prøve seg på litt lenger skirenn med fellesstart.

Medan seniorar og ungdommar var ute på den lange runden starta borna mellom 8 og 10 år i klassevise fellesstartar. Medan publikum på stadion venta på passering og målgong for dei eldste, stod borna for den store underhaldninga. Med minst like stor innsats som dei vaksne la dei ut på sine distansar på 1, 1,5 og 2 km.

Resultat Mosvatnet rundt 2020     Mosvatnet rundt 2020 – barneløpet

 

Full fart frå start! Monja Goa Bråtveit, Åbjørn Marcussen Moe og Amalie Lunde.

Friske fråspark frå åtteåringane!

Frisk start! Johannes Eikeland, Aksel Sukka Mehus, Aamund Hiim Havrevoll og Hanna Lunde Hoftun.