Det tok lang tid før det blei fotballkampar i 2020. I veka som var blei det endeleg aktivitet igjen.

Det er lov med kampar mellom spelarar opp til og med 19 år, dermed er fotballen for barn og unge i gong. Suldalsserien startar neste torsdag, 27. august, mens Suldalsgutane- og jentene starta i veka som var. For dei over 20 år er det stusselegear, det spørs om det blir noko aktivitet på dei i 2020….

G16 var første laget til Suldal ut, i lokaloppgjer mot Sauda. Suldalsgutane har vore flinke til å halda treninga i gong, dei kom godt i gong i vår då det vart lov, og starta tidleg i august. Dermed skulle dei vera klar for kamp. Dei hadde treningskamp mot Sauda i vår, der det vart tap med eit par mål. Skulle revansjen komma? Vel, nei, den skulle ikkje det, men det var ikkje langt ifrå. Det vart eit knapt tap 3-4. Det hadde vore kjekt å slå naboen. Neste kamp er på tysdag, borte mot Ferkingstad/Skudenes.

J15 har ikkje trent like mykje som gutane før første kamp, mens motstandar Åkra kunne melda at dei trente fire gonger i veka! Det var nesten som at veken ut til vestsida av Karmøy blei ekstra lang… Det starta svært tøft, men så tok det seg opp! Me overlet tastaturet til trenar Torbjørn Indrebø:

For eit lag, og for ein gjeng!!!! Gårsdagens kamp var av den mest spennande sorten. Ei taktisk blemme av trener førte til at me vart pressa heile tida. Då sto det 4-0 til Åkra før 15 minutt var spelt. Etter litt omkalfatring, fekk me ei scoring signert Kari. Men, Åkra hadde meir på lager, og sette sitt femte. Mari sette imidlertid eitt til for oss, slik at det berre var 5-2 til pause.
Etter pause la me att nervøsiteten, og henta inn til 5-5. Vannvittig innsats der Mari, Iqra og Mari igjen scora for oss. Men, Åkra ville vera litt med dei og, og makta scora eitt til. Pulsen min, og til dei på tribunen, var farleg høg.
Fem minutt før slutt skulle Iqra finna nettmaskene endå ein gong, og 6-6. Me hadde sjanser til fleire mål, men må nok innrømme at kreftene tok slutt.
6-6 kjennes som ein siger.
Eg er umåtelig stolt av alle 11 som spelte kampen. ALLE var med på å ta igjen ein håplaus start, og ALLE gjorde sin jobb glimrande.

Neste kamp for jentene er tysdag heime mot Vindafjor/Etne.