Me ønskjer gjerne folk på kamp i Prestavikjo, men alle må retta seg etter retningslinjene frå NFF og FHI.

Det er viktig at vaksne har kontroll på sine barn, det er ikkje trenarane si oppgåve å ha styr på alle spelarane, dette er føresette sitt ansvar! Trenarane har nok å tenkja på med kampleiing. Me må alle ta litt ekstra ansvar slik at me unngår smitte. Om alle hjelper kvarandre, vil dette helst gå godt!

Les vidare for svært viktig informasjon som me ønskjer alle som skal på kamp har sett seg inn i. 

I Prestavikjo:

  • Når de kjem til kamp i Prestavikjo, må de gjennom ein port ved kiosken. Der må ein registrera seg hos kampvert. På grunn av smittesporing må alle arrangørar ha liste med namn og telefonnummer til alle som er på eit arrangement. Slik er det også på kampar i Prestavikjo. Lista blir teken vare på av kampvert i minst ti dagar, men skal markulerast etter dette.
  • Ved porten er det tilgjengeleg handsprit som ein skal bruka.
  • Når ein går inn på området, skal ein gå til banen der ein skal spela. Banane blir skilde med merkeband eller kjegler.
  • Ved skifte av kamp, skal spelar, trenarar og publikum frå første kamp forlata området før nye spelarar, trenarar og publikum kjem inn.
  • Det blir eit eige område for publikum, på motsett side av der innbyttarar og trenarar står.
  • Hugs ein-metersregel heile vegen!
  • Me ønskjer at spelarar og publikum forlet baneområdet når kampen er slutt. Spelarar og andre ungar skal ikkje springa rundt om kring.

På bortekamp:

  • På bortekampar vil ein møta på dei same reglane som i Prestavikjo. Det bør ikkje vera med fleire på bortekamp enn spelarar, trenar og sjåførar.
  • Trenar har ansvar for å levera frå seg namneliste med namn og telefonnummer til alle som er med på kamp frå Suldal til kampvert der ein kjem. Dette ansvaret kjem fotballgruppa til å seia til trenarane at dei kan/bør delegera til ein forelder.
  • Trenar får med seg handsprit og har ansvar for at alle spelarane og vaksne vaskar seg med denne før ein går inn på baneområdet. Dette ansvaret kan/bør også delegerast til ein forelder.
  • Heile laget forflyttar seg samla og held seg på sitt område under heile opphaldet på bortebane. Spelarar der dei skal vera, og sjåførar på publikumssida.
  • Alle som reiser med Suldal IL sine lag representerer Suldal IL. Me reknar med at alle held seg til retningslinjene og rettar seg etter informasjon frå kampvertane. Då får arrangørane det lett, og me unngår vonaleg at eventuell smitte kan sporast til fotballen.

God sesong!