20 spelarar (ein blei skada og kom ikkje med på bildet), 12 trenarar og ein instruktør.

Omsider fekk me nytt trenarkurs i regi FK Haugesund i Prestavikjo.

På grunn av korona, fekk me ikkje halde trenarkurs i vår, men nå blei det endeleg eit høve. FKH sin G14-trenar Espen Elvemo har som oppgåve å reisa rundt i distriktet rundt Haugesund for å halda kurs for trenarar i aldersbestemte klassar. Han var her sist haust også, då var det 6-8-åringar som var i fokus. Denne gong var det trening for 9-12-åringar som var tema.

Me har hatt eit par kurs tidlegare, og då har det vore omlag 20 trenarar frå alle klubbane i kommunen som har møtt opp. Det var påmeldt 19 denne gong også, men av ulike årsaker blei det med 13 stk denne gong. Dei 13 frå nesten alle idrettslaga våre fekk ei god økt med teori på Vinjar skule først, så ei treningsøkt leia av Elvemo der han myndig og motiverande fekk 20 lilleputtspelarar

Espen Elvemo frå FKH går gjennom evalueringa etter treningsøkta.

frå Suldal IL til å stå på pinne med kjekke og varierte øvingar. Etter treningsøkta var det ei samling for trenarane der økta blei evaluert. Det var mange tips dei enkelte trenarane kan ta tilbake til klubbane sine.

Det er kjekt å møta trenarar frå dei andre grendene, og det er lærerikt å få tips både til korleis ein legg opp treningar, kva trenarrolle ein sjølv ønskjer å vera, og korleis ein kan gjennomføra treningar på ulike aldersnivå. Me håpar me får besøk frå FKH til våren også og at det då passar for endå fleire trenarar.

Elvemo innleia besøket med å fortelja om ei litt stressande reise inn til Suldal, ein febrils kamp om både å nå Rødsliane før stenging, og å komma til Krossen før det gjekk tomt i tanken. Begge deler blei nådd med knapp margin!

Trenaren hadde med seg FKH sin mediesjef Runar Norvik. Han har laga ein kjekk reportasje både i ord, bilde og video som ligg på FKH si heimeside. Den er vèl verd ein kikk. Veldig fin video!

Takk for besøket frå FK Haugesund, og takk til spelarane frå lilleputt Suldal IL for engsjert deltaking kvelden før den store lilleputtfinalen i Prestavikjo kl 19.30!