Vinnarar av Suldalsserien 2020 – lilleputt: Suldal 1! Foto: Alf Aadnøy

På torsdag var det siste runde i lilleputtserien, og kvelden blei avslutta med ein nervepirrande finale i flaumljoset på Prestavikjo stadion: Suldal 1 og Suldal 2 skulle gjera opp kampen om kven som skulle bli Suldalsmeister!

Lilleputtserien i år blei delt opp i to puljer. Her hevda Suldal 1 og 2 seg godt og vann kvar si pulje slik at dei skulle spela finale mot kvarandre. Dei to andre suldalslaga gjorde det også godt, Suldal 3 reiste til Erfjord for å spela om 3. plass, mens Suldal 4 var til Sand i sin plasseringskamp. Dessverre måtte begge desse laga melda om tap då dei kom heim til Prestavikjo for å oververa finalen. Jamnast blei det på Sand, der det måtte ekstraomgangar til for å avgjera kampen.

Suldal 1

Kl 19.30 var det klart for finale. Haustvind, flaumljos, musikk og godt med folk laga ei flott ramme rundt kampen. Det var visst ikkje fritt for at både spelarar og trenarar Michal Kral og Raymond Krogh hadde vore noko nervøse dei siste dagane. Laga kom inn på banen til lyden av Champions League-hymnen, og dommar Svein Øystein Berge gjorde klart til avspark.

Første omgang var ikkje så målrik, laga kjende litt på kvarandre. Det er viktig å ikkje komma tidleg bakpå i ein finale. Det var nok gjerne Suldal 1 som hadde ballen mest, og det var også dei som fekk det einaste målet i omgangen. Laga kunne gå til pause på 1-0.

Sølvvinnarar Suldal 2: Teke rett etter kampslutt, så at nokon er skuffa er fult forståeleg.

I andre omgang vart det meir fart, mål og ikkje minst spenning. Suldal 1 hadde ein periode leiing 3-1 (meinar referenten?), men så sette Suldal 2 inn sluttstøtet og fekk inn to mål slik at det ved full tid stod 3-3. Det måtte altså ekstraomgangar til for å avgjera kva for eit suldalslag som var best i kommunen. Og når det er så jamne etter full tid, så er eigentleg laga like gode, då er det fort tilfeldigheiter som avgjer kven som går sigrande ut.

I ekstraomgangane blei det eitt mål, det gjekk til Suldal 1, og det var derfor dei som kunne jubla då dommaren bles i fløyta for siste gong. Det er herleg å vinna slike kampar, og så er det ekstra surt å tapa når ein har vore like gode som dei som vann. Då er det ikkje rart at tek kjem tårer både hos dei som vinn og dei som må ta til takke med 2. plassen. Når den første skuffelsen legg seg, finn ein nok ut at ein kan vera svært godt nøgd med sølv også!

Suldal 3

Men for at desse to laga skulle få spelar finale, er det svært viktig å hugsa at dei har vore med i ei stor og flott treningsgruppe. Laga har trent saman og gjort kvarandre gode. Derfor kan Suldal 3 og Suldal 4 også med godt samvit ta ære i pokalane som Suldal 1 og Suldal 2 kjem til å få. Dei skal de få på ei trening når dei kjem til bygda. De er blitt gode saman, godt leia av engsjerte og flinke trenarar; Raymond Krogh, Michal Kral, Kenneth Tveit, Kolbein Havrevoll og Neri Fisketjøn. Det er også kjekt og sjå at det er så mange foreldre og besteforeldre som stiller opp for å frakta til kamp og heia på sidelinja.

 

Vèl blåst sesong, lilleputt!

Suldal 4

 

Og til slutt; takk til Alf Aadnøy som stilte som fotograf til finalen! Alle bilda her er teke av han. Om de klikkar på bilda, så får de sjå dei i større format.