Vinjar gymsal har opna for trening, men det er ein del begrensingar på bruken.

Treningstidene ser de her: Treningstider gymsalen Vinjar skule haust 2020

Dei som er ansvarlege for treningane har også ansvar og informasjon om kva reglar som gjeld for bruk av gymsalen. For barn og ungdom gjeld restriksjonane kva utstyr ein har lov til å bruka. Idrettslaget og andre brukarar på ettermiddagstid må bruka eige utstyr. Skulen sitt utstyr har me ikkje lov til å bruka.

For vaksne gjeld generell 1-metersregel. Ein kan altså ikkje vera nærare kvarandre enn 1 meter til ei kvar tid. Dette gjer at tradisjonell fotball og innebandy ikkje er lov for personar over 20 år. Unntaket er kvinner senior ned til og med 4. divisjon. Dersom damelaget ønskjer å ha trening, så får dei altså lov til å trena fotball. Dette kan gjerne høyrast uforståeleg ut, men her er årsaka:

Fase 5a i gjennopninga av idretten kom i gong 12. oktober. Den gjeld for aktive kvinner frå toppdivisjon og ned til og med 4. divisjon som Suldal sitt damelag spelar i. På herresida gjeld fase 5a frå toppdivisjon og ned til og med 3. divisjon. 4. divisjon og lågare høyrer til fase 5b og er ikkje opna opp. Det er uklart når dette blir opna.

I fase 5a vart det også opna opp for tilrettelagt fotball slik som gatelag og handikap-fotball. Øvrig senioraktivitet høyrer inn under breiddeidrett 5b. Det er her gubbatrim, ballspel for damer og 6. divisjon herrer kjem inn. Grunnen til denne inndelinga er at det ikkje er ønskjeleg å opna opp for dei største brukargruppene før smittespreiinga er under full kontroll. Det er begrensa kor mange aktive som kjem inn under fase 5a. Trimmarar og herrespelarar frå 4. divisjon og nedover er det svært mange av, og myndigheitene ønskjer altså ikkje å opna opp for desse. Når det blir, er det ingen som veit.

Me synest dette er traurige greier, men støttar sjølvsagt opp om retningslinjene me blir pålagde.