OBS! Frist 1. november
I år lanserer me nettbutikk frå Trimtex for bestilling av skiklede. Av ulike grunnar er fristen for bestilling kort og nettbutikken med våre klede stenger 1. november. Dette er for å få kleda tilsende innan veke 51.
I butikken vil de finna ulike modellar både til ungar og vaksne.
Dette fungerer slik som nettbutikkar elles der de sjølv bestiller, betalar og får det sendt til dykk.
Me er så heldige å ha god sponsorhjelp frå ulike bedrifter i Suldal – dette gjer det mogleg å ha sterkt reduserte prisar ut til medlemmene i Suldal IL.
Klikk her for å komma til nettbutikken eller kopier adressa til nettlesaren din:

Før du kan starta ei bestilling må du registrera deg.Klikk på «Opprett en ny brukerkonto» om du ikkje har konto hjå Trimtex frå før.
På mobil må du rulla litt nedover på sida for å finna dette valet.
Bruk nettlesaren Chrome eller Firefox for at det skal fungera optimalt, f.eks vil brukarar av Internet Explorer kunna oppleva nokre utfordringar.
Tips! Kjem ein vekk frå klubbsidene, kan ein alltid klikka på «Suldal IL – skigruppa» øvst på sida for å komma tilbake att.
På mobil ligg dette i menyen øvst til venstre.
Stor takk til sponsorane våre!
Helsing
Suldal IL Ski