For eit par veker sidan fekk Suldal IL overrekt støtte på kr 50.000,- i samfunnsutbytte frå Sparebankstiftelsen Sparebank Vest. 

I Suldalsposten blei det nemnd at pengane skulle gå til ny trapp/sti frå Samfunnshuset og ned til stadion. Det er på høg tid at ein gjer noko med denne. Men det var ikkje berre trapp me søkte om pengar til.

Neste år er Suldal IL 75 år, og i det høvet lurte me på om me kunne få til ei jubileumsbok. Dette søkte me også støtte til, men me ønska at me hadde folk til å skriva boka før me offentleggjorde at støtta også skulle gå til bok. Nå er forfattarar på plass, og då kan me også legga ut «sjekken» til samfunnsstøtta me fekk.

Me ser fram til ny trapp, og ikkje minst til bok og jubileumsfeiring neste år.

Suldal IL takkar så mykje for pengegåva!