I arbeidet med jubileumsbok til 75-årsjubileum neste år, etterlyser me referatboka for hovudstyret i Suldal IL for åra 1991-2005. 

Dersom nokon har denne, eller veit kor den er, blir me svært glade dersom de kan levera den til dei som jobbar med jubileumsboka; Terje Bråtveit eller Nils Bergjord. Om de sender e-post til jubileumsbok@suldal-il.no når de begge to, eller ta kontakt med ein av dei på anna vis.