Suldal IL blir 75 år i 2021. Har du noko som kan passa i ei jubileumsbok?

Neste år feirar Suldal IL 75-årsjubileum etter stiftinga i 1946. I samband med jubilèet ønskjer me å samla saman stoff til ei jubileumsbok.

Me er så heldige at Terje Bråtveit og Nils Bergjord har takka ja til å gå i gong med arbeidet med boka, og dei ønskjer gjerne bilde og tips til gode historiar frå aktiviteter og hendingar i regi av Suldal IL.

Me hadde sett stor pris på om folk kunne sett gjennom albuma sine og sendt bilde, historiar og andre ting som fortel noko om kva som har skjedd i idrettslaget på e-post til forfattarane på jubileumsbok@suldal-il.no .

Ta gjerne kontakt med forfattarane direkte også!  Arbeidet er alt i gong, så det er berre til å hiva seg rundt!