G16-laget har vore ferdig med sesongen nokre veker og avslutta ei jamn pulje på 6. plass.

Suldalsgutane vann tre kampar ganske klart, og så hadde dei marginene mot seg i tre kampar som ein fort kunne fått poeng i. Spesielt var eittmålstapet borte mot puljevinnarane Nord surt å svelgja. Bittert er det også å tapa med eitt mål mot nabolaget Sauda. Sidan det berre vart haustsesong, blei det spelt enkel serie der ein ikkje fekk tatt revansje. Sjølv om det vart 6. plass, er vegen opp til 3. plassen kort. God innsats!

Det har vore godt oppmøte og bra trøkk på treningane til G16 i haust, og trenarteamet Tor Arne Sigstad, Øyvind Marvik og Kristian Steine har gjort ein flott jobb med gutane gjennom mange år. Tusen takk til dei, også i år!

For nokon var kanskje dette siste året som Suldalsgut-spelar, dei eldste er 17 år og på veg ut i Verda, men me håpar me greier å laga til eit lag til neste år også. Den jobben startar nå.