Her er dei åtte seksåringane som var på den siste treninga før dei skal over på miniknott.

Også i år har 6-åringane hatt eigne treningar hausten dei startar i 1. klasse. 

I heile haust har dei møtt opp til trening i Prestavikjo saman med foreldra for å prøva seg på fotballtrening før dei skal vera med på miniknott-trening saman med 2. klasse etter nyttår. Det kan vera trygt å prøva seg berre saman med klassekammeratane sine i starten, slik at ein blir kjend både med korleis ei trening går føre seg, og kva fotball eigentleg er. Gjennom hausten har dei øvd på pasningar, skot, dribling, leik med ball og spel på små mål, alt under engasjert leiing av Anette Goa Bråtveit.

Det har stort sett vore 7-9 med på treningane kvar gong, men i løpet av hausten har alle 12 som går i 1. klasse i år våre med på trening. Nå blir det pause fram til miniknott-trening startar opp etter nyttår. Mest sannsynleg blir treningstida måndagar kl 16.45-17.45, men det kjem me tilbake til.

Takk til foreldre som har møtt godt opp og villig hjulpe til med øvingar, knyting av sko og psykisk støtte, og takk til Anette som tok på seg jobben som trenar!