Arbeidet med snøproduksjonsanlegget i lysløypa er godt i gong, og om alt går etter planen vil ein gjennomføra testkøyring av anlegget i starten av januar. Ein vil då ha på plass snøproduksjon for ein runde på 1,3 km frå Gullinghuset og sørover, med planar for ytterlegare forlenging på sikt.

Etter fullført testkøyring tek ein sikte på å produsere snø ved første anledning. Ein må rekne med 5-7 dagars produksjon for å dekkje behovet. Anlegget krev at ein har to personar kontinuerleg tilstades for overvaking og rigging/flytting av snøkanoner. Arbeidet vil bli leia av ansvarleg person med opplæring, men ein har også behov for ein medhjelpar. I den anledning har idrettslaget behov for dugnadsinnsats frå medlemmer og andre interesserte. Me ønskjer difor tilbakemelding frå personar som kunne tenkje seg og bidra med litt arbeidsinnsats. Har du lyst til å vere med på dette er det fint om du kontaktar oss på e-post ski@suldal-il.no eller telefon 95944128. Indiker gjerne kva tid på døgnet som kan vere aktuelt (dag, ettermiddag/kveld, natt) og kor lenge ein kan vere med. Ingen innsats er for liten!

I framtida har me som målsetjing at dette arbeidet skal utførast av eksterne, finansiert av ulike aktørar med interesser i at ein får på plass skiløyper tidlig i sesongen. Men inntil ei slik ordning er på plass håpar me mange har lyst til å bidra.

Med helsing

Snøproduksjonsprosjektet