Velkomen til årets korona-tilpassa skikarusell som blir todelt. Aspirantar og trimmarar får sine eigne kveldar medan dei som vil gå på tid får sine kveldar. Dette er på grunn av kravet om maks tal deltakarar og føresette på 200 stk. ved skiarrangement. Høgst éin føresett per deltakar. Ver merksam på evt. endringar. Oppdatert info vil du finne på www.suldal-il.no eller på FB, Suldal IL Skigruppa.

Datoar skirenn med tidtaking
1. karusell måndag 15. februar – fristil
2. karusell tysdag 23. februar – klassisk
3. karusell onsdag 10. mars – fristil
Datoar trim og aspirant
1. karusell tysdag 16. februar
2. karusell torsdag 11. mars

Dei under skulealder er aspirantar og går så langt dei vil, både i skileiken og i løypa. Frå 1. klasse kan ein velje om ein vil gå på tid eller om ein vil gå trimklasse utan tidtaking. Det er ikkje rangering for dei under 5. klasse. I år er det berre mogleg å delta i éin klasse, anten tidtaking eller trim/aspirant. Start frå kl. 16.30 for aspirantar og trim. Start kl. 18.00 for klassar med tidtaking. Møt opp i god tid. Påmelding med namn på deltakar og føresett, fødselsår, skuleklasse, idrettslag/grend og klasse (tid eller trim/aspirant) til ski@suldal-il.no innan fredag 12. februar. Startkontigent kr. 100,- betalast i førekant på Vipps til #121948 – Suldal IL.

Hjelmeland IL og Suldal IL