Fredag 4. septemberEtne

Første bortekamp i haust for G15 laget. Etne, som også spelte i 1. div. i vår, var motstandar.

Ut frå tabellen i vår, var Etne eit bra lag. Grunna mykje nedbør var grasbanen i Etne stengd, og me måtte spela på noko uvant grusbane.

Kampen opna jevnt, og begge lag hadde sine sjansar. Sand/Suldal sleit ein del med at Etne slo lange ballar, og underlaget gjorde at me hadde problem med å få kontroll på ballen.

Så plutseleg var det 10-15 magiske minutt. Me jobba godt, og fekk til bra spel og gjekk opp til 0-1 ved John Herman. Rett etter fekk me nok ein sjanse, og 0-2 ved Vegard. Som om ikkje det var nok, var Øystein på plass med skotfoten, og 0-3.

Dette såg ut til å bli enkelt. Men nei, Etne kom igjen , og ikkje lenge etterpå reduserte dei til 1-3. Dei fekk nytt håp , og pressa på vidare. Etter dårleg press frå oss kjem ein Etnespelar på skothald, og fyrer av til 2-3.

Me heldt likevel leiinga til pause. I pausen var det einighet om å komma opp i motspelarane på ein betre måte, og me måtte ofra oss og jobba hardare.

2. omgangen vart prega av hard jobbing av oss, og fleire målsjansar til begge lag. Etter ein laaang 2. omgang, vart endeleg kampen slutt, og me kunne innkassera haustens første 3 poengar. Det gjorde godt.

Kampen sett under eitt, fortente me nok seieren, men det krev hard jobbing i 2×40 min. for å vinna kampane i 1. divisjon. Det er eit heilt anna nivå enn i 2. divisjon.

Me slit nok fortsatt med samhandlinga, men håpar at det vil bedra seg jo fleire kampar me spelar.

Nå står to heimekampar for tur. Solid frå Stord på torsdag? (endå uavklart om dag), og Haugar på søndag 13.

Desse spelarane var med: Ingve, Andreas, Mads, Dagfinn, Thomas, Sindre, Fredrik, Øystein, Vegard, Christer, Lars Kristian, Håkon, John Herman og Ingvald.

Mål: John Herman, Vegard og Øystein