Då blir det endeleg opna opp for skirenn att og Hjelmeland IL er klare til å arrangere første skikarusellen for dei som går på tid, tysdag 23. februar. Denne går i fristil. Karusellen for trimmarar og aspirantar blir onsdag 24. februar og Suldal IL er arrangør.

Rennet på tysdag startar kl. 18 og det er utdeling av startnummer frå kl. 17. Me gjer merksam på at det på grunn av smittevernreglar kun er mogleg å delta for løparar som er 20 år eller yngre. Løypelengder: 1.-2. klasse – 1 km, 3.-4. klasse-1,5km, 5.-6. klasse – 2 km, 7.-8. klasse – 3 km, 9.-10. klasse + jenter jr. – 5 km og gutar jr. 10 km.

Trim- og aspirantkvelden er open mellom kl. 16.30 og 18.30 og startnummer må hentast innan kl. 18. Felles for begge kveldane er at alle må registrerast når ein parkerar og det er diverre ikkje mogleg å nytte seg av Gullinghuset i år. Det er òg sett begrensing på høgst èin føresett per deltakar. Kle deg etter vêret og velkommen i lysløypa!