I mildvêr, men med fine løyper leverte Hjelmeland IL eit flott arrangement i lysløypa i kveld.

Endeleg vart første karusellrenn gjennomført og snautt 60 løparar mellom 7 og 20 år deltok. Mange har trent mykje utan å få gå skirenn i år, så det var eit utålmodig og ivrig startfelt som heiv seg i kast med løypene. Både kiosken og trimklassen mangla, men startnummer og Telenorpremiar var derimot på plass.

Karusell-23.02.21-Offisiell