Då er det snart klar for andre skikarusell og dei som går på tid har sin konkurranse i klassisk stil, onsdag 10. mars. Aspirantar og trimmarar har sin kveld torsdag 11. mars. 

Som før startar skirennet på onsdag kl. 18 og det er utdeling av startnummer frå kl. 17. Me gjer merksam på at det på grunn av smittevernreglar kun er mogleg å delta for løparar som er 20 år eller yngre samt seniorar busette i Suldal kommune. Løypelengder: 1.-2. klasse – 1 km, 3.-4. klasse-1,5km, 5.-6. klasse – 2 km, 7.-8. klasse – 3 km, 9.-10. klasse + jenter jr. – 5 km og gutar jr. 10 km. Tredje og siste renn i karusellen blir arrangert onsdag 17. mars som ein del av Ryfylkemeisterskapet. Den kvelden blir det òg premiering. Meir info om siste rennet kjem seinare.

Trim- og aspirantkvelden er open mellom kl. 16.30 og 18.30 og startnummer må hentast innan kl. 18. Premiering.

Felles alle arrangementa er at alle må registrerast når ein parkerar og det er diverre ikkje mogleg å nytte seg av Gullinghuset i år. Det er òg sett begrensing på høgst èin føresett per deltakar. Kle deg etter vêret og velkommen i lysløypa!