I svevet!

Over 50 ivrige deltakarar har vore med i trim- og aspirantklassen i lysløypekarusellen i år. Dei har vist at skileik framleis er ein utandørsidrett og trassa både vind, snø og regn. Nytt av året var at dei utan tidtaking fekk sine eigne kveldar då me av smittevermessige orsakar ikkje kunne samle for mange på ein stad. Allikevel blei løypa og spesielt skileiken, flittig brukt og nye meistringar stod i kø anten det var framover, bakover eller kanskje ei ny kuleløype.

Alle som har delteke minst ein gong får premie og dei som ikkje var med siste gongen skal me få levert ut premiar til. I skrivande stund har me fått litt påfyll av snø og forholda er supre for endå meir skitur og skileik nå på tampen av sesongen. Ta turen!

Telenorkarusell 2021 trim- og aspirantklasse