Påske er over og det nærmar seg forhåpentlegvis seriestart både i Suldalsserien og kretsseriane. 

For å få kampar og treningar til å gå i hop, må me endra litt på treningstidene. Dei faste treningstidene finn ein i menyen «Faste treningstider Suldal IL – Vinjar gymsal og Prestavikjo Stadion».

Kamptidspunkt varierer frå veke til veke. Full oversikt på kampar får ein på kalenderen Kampkalender alle lag. For å sjekka om det er kamp i di treningstid, kan ein sjå kalenderen Kalender for prestavikjo. Kalenderane ligg som lenkjer i menyen.

Trenarane må passa på at det er ledig i forkant av treningane.