Suldal IL fotball og trim har skifta utstyrsleverandør til UMBRO og kan dermed lansera ein ny kleskolleksjon.
Dette skjer fordi den forrige leverandøren endra kolleksjon til noko som ikkje passa med Suldal IL sine fargar lenger. Me har tidlegare nytta UMBRO til drakter og treningsklede og vore godt nøgde med dei.
Den gule overdelen blir nå svart, med gule detaljer. Dette passar betre til fotball slik at ein skil seg meir ut frå spelarane når ein står på sidelinja. Utgansgpunktet nå er treningsgenser med halv glidelås og treningsbukse med smale bein. Det er høve til å bestilla normale bein for dei som helst ønskjer det.
Den nye kolleksjonen finn de her: Kleskolleksjon 2021 UMBRO Bestilling på Messenger eller SMS til Jon Bråtveit innan fredag 16. april.
Det er absolutt ikkje forventa at ein nå må kjøpa nye treningsklede, bruk dei de har frå før til dei er utslitte eller for små, men når de treng ny blir det altså UMBRO.
Det kjem til å bli ein overgang der me både har UMBRO og Adidas-utstyr. Me kjem framleis til å spela i Adidas sine splitter nye speledrakter i Suldalsserien og herre- og damelag.
Suldalsgutane- og jentene treng nye speledrakter og det blir UMBRO.