Suldalsgutane- og jentene spelar frå årets sesong med logoen til Skattkammeret Suldal på brystet.

Det tok tid, men nå har alle laga i Suldalsgutane- og jentene endeleg vore i aksjon.

Ein kan vel ikkje seia det er blitt skikkeleg seriestemning på laga endå, men då sist gjenopningstrinn blei sett i gong i slutten av mai fekk ein i alle fall spela kampar mot lag frå nabokommunar.

Me har to G13-lag, og desse har fått spelt sine første kampar nokon gong. Debuten kom i treningskampar mot Sauda i Sauda sist veke. Sidan både Suldal og Sauda har to G13-lag, så fekk alle prøvd seg. Det gjekk meir enn godt, det vart 10-1 og 10-6 i dei to kampane, og både spelarar og trenarar var nok glade for å komma så godt i gong. På onsdag 16/6 blir det returoppgjer i Prestavikjo kl 18.30, det er berre til å ta turen! G13-1 får ikkje spelt seriekamp i vår, sesongen deira startar ikkje før til hausten. G13-2 tjuvstartar i Prestavikjo måndag 14/6 kl 18.30 mot Ølen. Trenarar til G13 er Jostein Aarthus, Kenneth Tveit, Anders Warhaug, Bjørn Benninghoff Hiim og Torjus Steine.

J14 har også spelt sin aller første kamp, det var bortekamp mot Vindafjord. Også her var debuten ein suksess for nye spelarar og trenarar, det vart heile 8-1-siger på bortebane. Tysdag 15/6 er det returoppgjer i Prestavikjo kl 18.30. Blir det nok ein storsiger på Raymond Krogh sine jenter? Kampane mot Vindafjord er starten på serien for laget, resten av kampane blir til hausten.

J15-laget er eit lag som har halde det gåande nokre sesongar. For nokre av jentene er denne våren siste økt med laget før dei fer på vidaregåande skule rundt om i fylket, mens andre vekslar på å spela på dette laget og på J14. J15-laget er med i Grannarligaen, ein serie/cup som Ølen IL oppretta då det vart lov å spela kampar mot lag i nabokommunar. Suldal har slått godt frå seg. I bortekamp mot Vindafjord blei det siger 6-0, noko som visst har plassert laget direkte i finale mot Sauda laurdag 19. juni. Torbjørn Indrebø og Simmen Bratland trenar laget.

G16-laget har heller ikkje fått spelt serie, men er saman med J15-laget med i Grannarligane. Til liks med jentene skal også G16 spela finale 19. juni, motstandar er Ølen. På vegen mot finale har Suldal slått Sauda 5-1 og spelt uavgjort 4-4 mot finalemotstandar Ølen. Det er duka for ein jamn finale…. Som oppkøyring mot finale skal G16 spela treningskamp heime mot Hjelmeland tysdag 15/6 kl 20.00. Dette er nok siste sjanse for heimepublikum til å sjå laget til Kristian Steine og Tor Arne Sigstad i aksjon. Laget består av mange som skal ut i den store verda på skule til hausten, så me har måtte trekka laget frå eit seriespel dei aldri kom i gong med. Laget har halde det gåande i mange sesongar, la oss satsa på at spelarar og trenarar får ei flott avslutning med finalesiger i Grannarligaen!

Frå hausen av har me heilt sikkert med G13-1, G13-2 og J14. Så får me sjå om me har igjen nok jenter til eit J15-lag. G16 blir det altså ikkje i haust.