Fire av spelarane som har vore på vift siste året men som nå er tilbake i Suldal IL: Jørgen Andre Mikkelsen og Mohammed Ibrahim Dawud frå Vaulen, Arin Eirikssønn og Tom van Ruiven frå Sauda.

ENDELEG er seniorfotballen i gong igjen, 22 månadar etter sist seriekamp.

Etter halvanna år med litt trening til og frå, alt etter kva motivasjon og reglement som har vore gjeldande, kunne a-laget i august setta i gong med skikkeleg fotballtrening igjen. Som i 2019 er det Arne Abrahamsen som er trenar, og framleis er det 6. divisjon som gjeld. I 2021 blir det kun spela enkel serie, så det blir ni kampar. Fire av kampane er heimekampar, så det er få sjansar til å få sett laget i aksjon i Prestavikjo i år. Det er berre til å legga inn laurdagane 21. august (Storhaug), 28. august (Pol), 11. september (Hundvåg 2) og 2. oktober i kalenderen. Sjå på fotballkretsen sine sider for terminliste, resultat og tabell.

Mange av dei kjende spelarane er framleis på plass, mens nokre har forsvunne. Heldigvis får me tilført nye spelarar frå Suldalsgutane, derfor er det også nye fjes. Det er god spreiing både i alder, antal kampar og geografisk. Me skulle sjølvsagt hatt bilde av spelarane også, men det har ikkje blitt prioritert.

Gå vidare i innlegget for årets spelartropp som tel 28 spelarar! 

Spelartropp 2021
Etternamn Førenamn Alder 2021 Barndomsgrend Kampar frå 2009 Kommentar
Adjemi Rene 41 Erfjord 39 Evigung med comeback etter nokre år pause. Spelte  mest før adelskalenderen starta.
Berge Ingve 28 Suldalsosen 132 Spelaren med flest kampar etter 2009 og stilt opp på det meste kvar sesong etter det.
Dawud Dawus Ibrahim 21 Sand 23 Omskolert frå spiss til keeper.
Dawud Mohammed Ibrahim 19 Sand 19 Tilbake etter juniorspel i Vaulen under koronapausen til seniorlaget.
Eiriksson Arin 17 Sand 0 Debutant på seniornivå og tilbake etter juniorspel i Sauda.
Erfjord Hallvard 25 Erfjord 77 Skade på trening gjer at han nok ikkje er klar i haust.
Espe Isak Berge 23 Suldalsosen 65 23 år og må reknast som rutinert.
Espe Daniel Berge 20 Suldalsosen 9 Tilbake etter nokre år fotballpause.
Fatnes Håvard 21 Sand 41 Spelaren med flest kampar dei tre siste sesongane.
Foldøy Knut Hoås 34 Sand 30 Faktisk berre spelt to heile sesongar for Suldal etter 2009, men nå er han i siget.
Gundersen Elias 15 Suldalsosen 0 Første sesong på seniornivå etter fleire år på Suldalsgutane.
Josdal Espen 29 Jelsa 46 Kampar i seks sesongar på rad før pause i 2019. Tilbake igjen nå.
Karlsen Marcus 18 Sand 13 På veg inn i sin andre seniorsesong.
Larsen David Roganovic 18 Sand 0 Debutant på seniornivå og tilbake etter juniorspel i Sauda.
Lavalette Lars Tveit 25 Suldalsosen 57 Har kampar i ni av dei siste ti sesongane. Flytta til byn frå austlandet og er tilbake for fullt.
Marvik Martin 15 Sand 0 Første sesong på seniornivå etter fleire år på Suldalsgutane.
Mikkelsen Jørgen Andre 18 Sand 16 Tilbake etter juniorspel i Vaulen under koronapausen til seniorlaget.
Nærheim Øystein 28 Suldalsosen 35 På veg inn i sin andre sesong etter heimkomsten frå Djerv 1919.
Nærheim Knut 21 Suldalsosen 3 Debuttsesong i 2019, usikker med skade.
Steine Torjus 22 Suldalsosen 40 Fotballengasjement både som spelar og ungdomstrenar.
Steine Bjørn Madland 34 Suldalsosen 85 Alltid tilgjengeleg og rutinert som få. Til disposisjon i år også.
Sørås Tore Bendiksen 34 Sand 69 Gir seg nok ikkje før han tek igjen Jone som toppskårar etter 2009.
Underbakke Ørjan 30 Suldalsosen 122 Tredjeplass på adelskalenderen, og kampar i 10 av dei 11 siste sesongane.
Utbjoa Jone 31 Ropeidhalvøya 130 Toppskårar i klubben etter 2009, nestflest kampar og omskolert til back.
Vaage Erik 29 Erfjord 56 Kampar i dei seks siste sesongane og stiller seg tilgjengeleg også i år.
van Ruiven Tom 17 Sand 0 Debutant på seniornivå og tilbake etter juniorspel i Sauda.
Vik Sindre 18 Suldalsosen 0 Debutant på seniornivå og tilbake etter juniorspel i Nærbø.
Wigestrand Johannes 26 Sand 46 Spelte mest i åra 2012-2014. Har sporadiske kampar etter dette. Kanskje med for fullt i år?
Gjennom-snittsalder 24 Kampar i gjennomsnitt 41

Nokre av dei som var med oss i 2019 har takka for seg. Me takkar dei for innsatsen, og ønskjer lukke til vidare i fotballverda for dei som ikkje har lagt opp.

Spelarar ut etter sist sesong
Aas Vegard  Totalt 44 kampar. Trappa ned etter kanonsesongen i 2019. Meldt overgang til Midtbygdens, mest som trenar?
Liseth Jon Eirik Flytta til Bergen etter fleire år som lærar på Topp Volley. Fekk ein sesong med 14 kampar
Arias Javier Milan Keeperen flytta til Haugesund, fekk fem kampar.
Mehus Haakon E. Lagt opp på grunn av skader. To sesongar med 12 kampar totalt.
Listøl Ådne Kom til Suldal då Sauda ikkje hadde lag. På grunn av korona blei det ingen kampar. Tilbake til Sauda nå.
Mehus Atle Kom til Suldal då Sauda ikkje hadde lag. På grunn av korona blei det kun ein omgang med treingskamp. Tilbake til Sauda nå.
Larsen Thomas Kom til Suldal då Sauda ikkje hadde lag. På grunn av korona blei det ingen kampar. Tilbake til Sauda nå.
Steinbru Kjetil Flytta heim og var klar for fullt for Suldal i 2020, men så sette korona stoppar, og har nå flytta. Spelte to kampar i 2011.