Suldal-Storhaug 21.08.2021: Bak f.v.: Arne Abrahamsen (trenar), Dawud Ibrahim Dawud, Isak Berge Espe, Jon Eirik Liseth, Arin Erikssønn, Mohammed Ibrahim Dawud, Håvard Fatnes, Ingve Berge, David Roganovic Larsen, Daniel Berge Espe.
Framme f.v.: Tom van Ruiven, Espen Josdal, Rene Adjemi, Torjus Steine, Jone Utbjoa (kaptein), Jørgen Anre Mikkelsen.

Første heimekamp på 22 månadar, og sjølvsagt viste Prestavikjo seg frå si beste side nok ein gong. Strålande vêr og mykje publikum. At det også gjekk strålande på banen også, gjorde at come backet til seniorfotballen gjekk over all forventning.

Det er folk som har meir oversikt over laga i 6. divisjon avdeling 3 enn underteikna. Stavanger Aftenblad har tippa Suldal på 7. plass. Den einaste internt frå laga i divisjonen som modig har våga seg med offentleg tipping, Erik Dalen frå Sørmarkå, tippar Suldal på 8. plass. Dei to førehandstipsa har begge Staal 2 og Pol som favorittar til å kjempa om opprykk, mens begge har dagens motstandar Storhaug som jumbo på 10. plass. Sidan Suldal i sist kamp kom etter måten godt frå det mot Staal 2 sist helg, burde tipsa i alle fall gi Suldal håp om siger.

Stavanger Aftenblad sitt tabelltips for divisjonen. Faksimile fgrå Stavanger Aftenblad.

Det blei det. Suldal hadde ein stor tropp, men med ein der fråfall frå etablerte spelarar, mens Storhaug kom med to innbyttarar. Kampen starta med press frå heimelaget, og alt etter to minutt hadde Arin Eirikssønn eit innlegg som slo i motstandar sin stolpe. Storhaug hadde nokre forsøk på angrep, men spesielt farleg blei det ikkje for Jørgen Andrè Mikkelsen i mål.

Det var nytt stopparpar i dag etter forrige kamp. Torjus Steine var svært offensiv første del av kampen, og etter 13 minutt fekk han ballen på venstresida, rykka frå oppassaren, gjekk inn i feltet og vart felt av to spelarar. Den eine av dei var nok på ballen, men den andre tok mannen. Dermed blei det straffe, og høgreback og all-time toppskårar Jone Utbjor skåra sikkert nede i høgre hjørne.

Den andre midtstopparen i dag var Jon Eirik Liseth. Han skulle spela sin siste kamp i suldalstrøya før han flyttar heim til Bergen. Det skulle dessverre ikkje gå så godt. Jon Eirik er kjend for ikkje å gi seg i duellar, han trødde skikkeleg til, men landa feil og skada seg stygt i kneet. Suldalskarriera slutta med opphovna kne, tur til legevakt, og når hevinga har gitt seg er det tid for å ta bide og få dommen. Me får håpa at det berre er strekte leddband…. Takk for strålande innsats dei to åra du har vore med oss, ein ressurs både på og av banen!

Laga gjekk til pause med 1-0. Summinga på tribunen gjekk i at det var mykje bra spel, og at dette burde gå vegen.

Då laga kom på banen, hadde trenar Arne Abrahamsen fått gjort nokre justeringar som verkeleg slo til.  Fire minutt inn i omgangen fekk Rene Adjemi ballen. Han spelte fint ut til Espen Josdal på høgrekant, som la flatt inn i feltet. Der stod Tom van Ruiven og skulle setta ballen i mål. Dessverre blei det bom, men dette var berre opptakten til det som skulle komma. Minuttet etterpå fekk me det som kanskje alt kan kårast til årets mål? Arin fekk gitt ballen til Håvard Fatnes midt på motstandard sin banehalvdel. Med stor ro drog Håvard av to-tre mann før han kikka opp og kurla ballen i motsett kryss frå 20 meter. Kjempemål!

Rette etter målet gjekk Mohammed Ibrahim Dawud heile banehalvdelen sjølv, men avslutninga blei redda. Minuttet seinare sendte Ingve Berge i veg eit skot som keeper redda. Espen var vaken og sette inn Suldal sitt tredje mål på returen. Minuttet etter dette igjen, i det 55. minutt, bytta Espen og Ingve om på rollene. Arin kjempa seg forbi backen på venstrekant, fekk gitt til Espen som overlot til Ingve å setta ballen i mål.

Etter tre kjappe mål, roa det seg litt. Espen hadde ein supersjanse til å setta sitt andre for dagen då han fekk heile banehalvdelen til Storhaug for seg sjølv. Keeperen tenkte at nå fekk det vera nok, så han gjorde seg stor og fekk redda avslutninga med ei beinparade.

Heilst slutt var det likevel ikkje. 5-0 kom då Torjus kom seg ned mot dødlinja og fekk gitt inn til Håvard som på ope mål kunne setta ballen i nettet og fekk si andre skåring for dagen.

Arin kunne fått sitt første mål då eit nytt innlegg baud på ope mål. Her gjorde Arin som mange store stjerner har gjort før han, sette ballen for høgt slik at den traff tverrliggar. Eg blir ikkje overraska etter desse to kampane om flate innlegg framfor mål blir ei øving på neste trening…

Kampen gjekk inn i ein kvilefase der vinnaren var kåra og mange bytter blei gjort. Ein del frispark, tre gule kort til Suldal og litt dødtid, før det kom to mål mot slutten. Først redusering til 5-1 då Storhaug skåra på heading etter hjørnespark, før Mohammed sette sluttresultatet til 6-1 då han frå venstre kant skaut ballen kontrollert i mål i det siste minuttet.

Periodevis godt spel av Suldal mot laget tippa i botn av tabellen. Førstkommande laurdag, kjem seriefavoritt Pol til Prestavikjo. Laurdag 28. august kl 13.00 håpar me dermed at det kjem minst like mange og ser kamp!

Fakta:

Mål:

1-0: 13 min: Jone Utbjoa (straffe)

2-0: 50 min: Håvard Fatnes, målgj. Arin Eirkssønn

3-0: 54 min: Espen Josdal, målgj. Ingve Berge

4-0: 55 min: Ingve Berge, målgj. Espen Josdal

5-0: 66 min: Håvard Fatnes, målgj. Torjus Steine

5-1: 88 min: Storhaug (Johannes Solhaug)

6-1: 90 min: Mohammed Ibrahim Dawud, målgj. ?

Gule kort: Espen Josdal, Jone Utbjoa, Mohammed Ibrahim Dawud.

Lag:

Jørgen Andre Mikkelsen – Jone Utbjoa, Jon Eirik Liseth,  Torjus Steine, Rene Adjemi – Mohammed Ibrahim Dawud, Isak Berge Espe, Ingve Berge, Håvard Fatnes, Arin Eirikssønn – Espen Josdal.

Innbyttarar:

Tom van Ruiven, Ørjan Underbakke, Daniel Berge Espe, David Roganovic Larsen, Dawud Ibrahim Dawud