Ny fotballkamp i Prestavikjo, og mykje var likt som sist helg. Strålande sol, mykje folk og storsiger.

Pol var rekna som seriefavoritt, men det var nok ikkje det sterkaste mannskapet sitt dei hadde med seg til denne kampen. Snittalderen var vesentleg høgare enn hos Suldal, og i varmen så tok det nok på for rutinerte bein å henga med ungkalvane på heimelaget. Suldal kunne skilta med heile fire debutantar i dag: Ole Magnus Fauskanger, Jørgen Lund, Pelle Tijhuis og Elias Gundersen.

Alt etter få sekund hadde den nye læraren på Vinjar, stordingen Ole Magnus Fauskanger sjansen til å få ein kanonstart på suldalskarriera då han var eit skonummer frå å tuppa eit innlegg i mål. Så var det ein periode der laga følte seg litt fram på kvarandre. Heilt fram til det 12. minutt. Då storma Mohammed Ibrahim Dawud oppover høgresida, la inn til Ole Magnus som med ryggen mot mål fekk levert ut til Ørjan Underbakke på 18 meter. Han fekk godt tid til å sikta, og plasserte ballen flott i mål til 1-0-leiing.

2-0 kom etter 32 minutt. Også denne gong var det Mohammed som dreiv spelet framover. Han dribla og krangla seg forbi fleire spelarar frå kanten og innover i feltet. Då han nærma seg keeper, fekk han nok ballen litt langt føre seg, men klareringa frå målvakta gjekk i Mohammed og så i mål. Det løner seg å ikkje gi seg!

Nokre minutt seinare var mykje av dei same spelarane involvert då det blei 3-0. Ørjan brukte hovmeisterblikket sitt og slo ein flott ball inn i bakrommet. Nok ein gong kom Mohammed i full fart nedover høgresida. Han slo eit godt, flatt innlegg inn på fem-meteren, men der var det tomt slik at ballen for heilt over på motsatt side. Der stod Øystein Nærheim og slo ballen inn igjen. Då hadde Ole Magnus fått rett skostorleik og kunne setta inn sitt første mål for Suldal.

Det var 3-0 til pause, men det kunne gjerne vore meir. Trenaren var visst ikkje heilt nøgd med kynismen og intensiteten i avgjerande augneblink. I jamnare kampar er det viktig å vera kontant og effektiv framfor motstandarmålet.

Det skulle likevel visa seg at det var Pol som var mest effektive frå start i andre omgang. Alt i første minutt fekk Pol sett inn ei redusering etter mykje klabb og babb. Ikkje nokon god start, men etter kvart tok Suldal over spelet og fekk vist fram fleire fine overgangar og samhandling. 4-1 kom på flott vis då Mohammed igjen fører ballen oppover høgresida. Kaptein Jone Utbjoa fossar forbi på utsida frå backposisjonen sin og får ein klassisk overlapp. Når Jone når dødlinja, slår han inn ballen til Ole Magnus som nok ein gong står med ryggen mot mål, men ha blikk til å sjå medspelarar i god posisjon. Denne gongen er det Håvard Fatnes som blir servert på 18 meter. Som i sist kamp sette Håvard ballen i mål med eit flott langskot. Dette var nok spikaren i kista. Etter dette blei det mykje bytte, alle i troppen til Suldal fekk prøvd seg, som nemnd fire debutantar. Ein av desse kunne fort fått ein draumestart då han heada eit innlegg frå Knut Hoås Foldøy rett i nettet, men dessverre blei han avblest for offside.

Siste målet for dagen var det Torjus Steine som sette inn då han kom skrått inn frå venstre på eit gjennomspel frå Øystein.

Mange gode prestasjonar, i periodar spelar Suldal god fotball, og det er forståeleg at varmen gjer at det kan bli nokre periodar der det ikkje skjer så mykje. Kunstgrasmatta i Prestavikjo er nok ein av dei varmaste plassene i kommunen på slike dagar. Defensivt så hadde ein god kontroll, det var ein rutinert og botnsolid backfirar i dag Skal ein trekka fram eit namn til frå kampen i dag, så må det bli målvakta Dawud Ibrahim Dawud. I sin første kamp i mål på mange år, viste han stor ro og hadde mange gode inngripnadar. Brødrene kan vera godt nøgde med denne kampen.

På fredag skal Suldal til Stavanger og møta Stavanger 2 som står med ein siger og to tap, før det laurdag 11. september igjen er tid for ny heimekamp. Då er det Hundvåg 2 som kjem på besøk. Vel møtt då!

Eirik Iversen har dei to siste kampane tatt både bilde og videosnuttar undervegs i kampen. Her kjem både eit par mål, og nokre forspelte sjansar. Takk for dette Eirik!

Video 1: Håvard set inn 4-1.

Video 2: Pol-keeper reddar innlegg.

Video 3: Tom kunne vore kaldare framfor mål.

Video 4: Ole Magnus dreg av to mann, men set ballen utanfor.

Video 5: Sjanse på frispark.

Video 6: Torjus avgjer kampen til 5-1.

Torjus legg inn.

 

 

 

 

Torjus i siget. Debutant Elias i bakgrunn.e

Jone er sugen på mål.

 

 

 

 

 

Fakta:

Lag:

Dawud Ibrahim Dawud – Jone Utbjoa, Ingve Berge, Knut Hoås Foldøy, Torjus Steine – Mohammed Ibrahim Dawud, Arin Eirikssønn, Ørjan Underbakke, Øystein Nærheim, Håvard Fatnes – Ole Magnus Fauskanger.

Innbyttarar: Tom van Ruiven, Daniel Berge Espe, Jørgen Lund, Pelle Tijhuis, Elias Gundersen

Gule kort:

Torjus Steine og tre til Pol.

Mål:

12 min: 1-0: Ørjan Underbakke, målgj. Ole Magnus Fauskanger

32 min: 2-0; Mohammed Ibrahim Dawud

39 min: 3-0: Ole Magnus Fauskanger, målgj. Øystein Nærheim

46 min: 3-1: Pol (Øyvind Bjaanes)

56 min: 4-1: Håvard Fatnes, målgj. Ole Magnus Fauskanger

77 min: 5-1: Torjus Steine, målgj, Øysten Nærheim.