Vinnarane av ungdomslagscupen: Bård Gundersen, Ella Tjøstheim, Lina Indrebø, Marie M. Rugland, Jonas S. Fatnes, Tobias Lunde, Mathias M. Vold, Elias Gundersen, Eric A. Moe

Søndag var det endeleg klart for Suldalscup igjen, to år etter sist. Arrangør var Haugil IL, og cupen gjekk føre seg på Kjølvikstølen søndag.

Suldal IL stilte med dei same laga som dei gjer i serien; to miniknottlag, tre knottelag, tre lilleputtlag og eitt ungdomsskulelag. Sjølvsagt er det framleis koronarestriksjonar, noko som gjorde at publikum skulle begrensast og dagen blei delt i to. Miniknott og ungdomsskulen spelte på føremiddagen, og knott og lilleputt om ettermiddagen. Underteikna hadde æra av å følgja knottelaga, og det var mange bilar å helsa på på vegen som var ferdige med føremiddagsøkta. Trur ikkje eg fekk med meg alle!

Øvst er dei to lilleputtlaga. Nede til venstre dei tre knottelaga. Nede til høgre er det eine lilleputtlaget, der Karen og Ola dessverre var reist då bildet blei tatt. Eg manglar bilde av to lilleputtlag. Dersom nokon sit på bilde av lag eg manglar så kan de berre senda til meg, så skal eg legga ut her.

Ungdomsskuleturneringa var svært amputert, kun IL Sand og Suldal IL stilte med lag. Det skal nemnast at det var konfirmasjon i Erfjord laurdagen, så det kan vera grunnen til at det ikkje var lag frå den grenda. Suldal og Sand spelte to kampar mot kvarandre, Suldal vann 4-1 og 1-0 og vart dermed vinnar av Suldalscupen igjen etter nokre år utan triumf. Gratulerer!

Miniknott og knott spelar utan konkurranse, så det er ingen rangering her. Det vart både sigrar og tap, og mange mål begge vegar. Stor iver blandt ungar og vaksne.

Lilleputt reiste nok litt slukøyra frå cupen, ettersom ingen av laga kom til semifinalen i år. Etter storeslem i Suldalsserien i fjor, hadde ein nok håp om å få minst eitt lag til finalen, men denne gong var dei andre laga betre.

Vel blåst til Haugil IL som fekk til cup igjen!

Suldalsposten hadde fleire fine bilde frå føremiddagsturneringa som de kan logga inn og sjå.