Lite å hoppa i veret av for trenaren i denne kampen.

Den løken som fant opp sitatet «tap og vinn med samme sinn» kan ikkje ha brydd seg mykje om idrett og i alle fall ikkje 6 divisjons fotball.

For det er kjipt å var aktiv å være med på tap, det er kjipt å sjå når laget taper og det er vanvittig kjipt å skrive om ett tap. Likevel må eg prøve å få ned nokre ord som kanskje kan gi litt forklaring bak tapet. Nokre få lyspunkt fant ein også.

Gutane klare for kamp

Sørmarkå fotball er ein relativt ny klubb i fotballfamilien.  Heimelaget hadde hatt ein vanskeleg sesong før kveldens kamp, men etter å ha fått på plass fleire nye spelerar kan dei fort få med seg ein del poeng dei siste kampane. Mot Suldal skulle dei få tre relativt lette poeng på  Våganes kunstgras.

Dette var kampen der Suldal tapte duellar, sleit med pasningane og eigentleg det meste som kunne gå gale, gjekk gale. Det hjalp heller ikkje med ein dommar som tydelegvis har ein forkjærlighet for fargen lilla. Kampen forløp seg slik:

Rufsete innleiing med mange feilpasningar frå begge lag. Ein del duellar men eit spel få kan var stolt av frå begge lag. Suldalsgutane virka litt sløve og hadde lite guts. I det 17 minutt kjem Jone seg fram frå sin høgre back og legg fint inn langs graset. Ingen suldølar luktar dette og ballen trillar forbi alt og alle. Begge lag prøvde å kjempe, men ingen av laga såg ut til å evne å sette eit spel.

Her går ballen frå Mohammed i mål, dagens einaste mål til Suldal.

Det skulle ta 25 minutt før Suldal fekk sin første mulighet for skot og det var evigunge Rene som fekk sjansen. Han «klemte» til og ballen trilla roleg inn til heimelaget sin målvakt. Eit kvarter seinare får den sindige erfjordbuen gult kort etter eit forsøk på volley der han ikkje treff ball, men ein motstandar i mageregionen. Eit strengt gult kort då dette langt frå var tilsikta og Rene ikkje kunne sjå forsvarsspelaren som kom.

Eitt minutt etter at Rene havna i dommaren si svarte bok ville ikkje Muhammed var ringare då han var sein i ei takling rundt 40 meter frå mål. Greit gult og frispark til heimelaget. Frisparket blir slått mot Jørgen i suldalsmålet der det vert gitt retur. På returen er ein lilla kledd kar først og det står 1-0 til Sørmarkå. Etter 48 minutt med «fotballmorro» bles dommar av til pause.

I pausen skjedde det svært lite anna enn at både underteikna og Hallvard Erfjord måtte finne varmare jakke, for på Våganes er det kaldt i september. Det vart og gjort eit avtalt målvaktsbyte.

I andre omgang starta Suldal bra og kom til fleire halvsjansar. Tom kjem gjennom men miste litt i avslutinga, Då ein skulle tru at det skulle ligge eit suldalsmål i lufta var det heimelaget som igjen skulle vera frampå. Etter ei god takling av Torjus finn dommaren ut at dette bør vera frispark. Like uforståleg som dømminga er Suldal si markering på dødball. Ballen blir svinga inn til ein heilt umarket motstandar. Han gjer ingen feil då han sender ei flott heading i målet bak Dawud.

Ein spelar som har imponert denne sesongen er Muhammed og nå skulle me få fire minutt med show frå sandsbuen. I det 68 minutt kjem han gjennom forsvaret og møter ein utrustande målvakt. Sørmarkå sin bakerste mann er borti kantspelaren vår såpass at han mister litt av steget og avslutninga går via ein forsvarar til eit hjørnespark. Dette som vart det ikkje noko av. Den situasjonen viser kvifor spissar legg seg «lett» når dei er utsett for kontakt, for fordelen får dei aldri av det. Likevel skulle Muhammed få målet sitt. I det 72 minutt dreg han seg inn i banen og klemmer til. Ballen fyk i mål til høgre for målvakten, heilt nede ved stolperota. 2-1 og kamp igjen. Håpte me.

Det vart med håpet til Sørmarkå gjekk opp i 3-1 når me nådde det 80 minutt. Nok ein gong gjer dommar feil då han let heimelaget angripe etter eit overfall på Daniel i forkant. Det meldes at Daniel vart skalla ned i heile tre duellar utan å få frispark. Likevel var det slik at Suldal hadde tømt seg bakover i jakta på 2-2 og heimelaget angrip på vår høgre side. Innlegget finn ein spiss som set ballen i mål. Møkk ganger møkk og det skulle bli relativt illeluktende 10 minutt seinere.

På overtid set heimelaget inn sitt fjerde mål for dagen då tafatte gultrøyer slepp dei enkelt til. Eit par slakke involveringer set den fjerde spikeren i kista og trenar Arne kunne melde om årsverste. Kampen enda slik den gjorde for to år sidan med 4-1 til heimelaget.

Det positive:

Håvard som gjorde ein vanvittig god kamp nok ein gong. Fortsett slik du Håvard for det varma.

Oppmøtet av personar med gult hjerte. Kjekt å sjå at folk kjem for å sjå fotball og støtte laget

At været var kaldt, men fint

Det negative:

Spelet, pasningane, bevegelsane, markeringane osv…egentleg alt det elementære i fotball

Skrikinga til bortelaget når dei ønska frispark..skrik som stoppa når dei selvfølgeleg fekk det dei ønska

Laget: Jørgen, Jone, Torjus, Isak, Knut, Rene, Ingve, Muhammed, Håvard, Tom og Tore

Benken der alle fekk speletid; Dawud, Daniel og David

Mål: Muhammed

Neste kamp er fredag 24 september på Madla kl 18.00