Røldalcup 2021.

Laurdag stilte Suldal IL med åtte lag på cup i Røldal, og me viste godt igjen i gult og svart på idrettsplassen.

Røldal IL varta opp med eit godt arrangement, det var kompakt både areal- og tidsmessig. Tre 5’ar-banar vart det plass til på kunstgrasbanen, og dei som spelte 3’ar-fotball haldt til i bingen like ved. Kiosken hadde godt utval, og arrangementet gjekk prikkfritt føre seg. Barn og vaksne frå Suldal melder berre godord.

Det var kjekt å møta nye lag, her fekk me møta lag frå Odda, Tyssedal, Skare, Røldal, Harding frå Lofthus, Solnut frå Aga, Vindafjord, og så ein kjenning i eit lag frå Sand.

Motstanden var totalt sett passande for laga våre. Nokre lag vann alle kampar, nokre vann og tapte, nokre fekk med seg uavgjort, og eitt lag gjekk på tre knepne tap. Dei minste fekk spelt 3’ar-kampar utan keeper, slik fotball eigentleg skal spelast for 6-7-åringar.

Suldal IL får godord for å visa godt igjen i gult og svart, og Røldal håpar at både me og dei andre klubbane i kommunen kjem på besøk neste år.

Laga me stilt med var Mix-7, G7, Mix8, J9, G9-1, G9-2, G10, Mix11. Takk til lagleiarar og foreldre og besteforeldre som stiller opp, sjølv om det nettopp har vore Suldalscup, og det både er jakt og sauasamling! Her kjem lagbildekavalkade!