Visstnok billeg straffe til Suldal, seier rapportane. Rettvist at det ikkje blei mål då!

På tide å reisa kjerringo, snu skuto, komma seg opp på hesten igjen, etter ein ringe kamp sist helg. Lars Lavalette Tveit er vår referent denne gong. Her er hans syn på bortesigeren til Suldal:

Verforholda var fine for fotball. Ikkje for mykje vind og regnet hadde tatt seg ein pause.
 
Starten av kampen var prega av nervøsitet og høge skuldre. Dette reflekterte i spelet. Madla hadde mange feilpasningar og rota vekk ballen. Diverre var ikkje Suldal noko betre. Kampbilete som vart forma av dette var at ingen av laga fekk legga ballen på bakken og gjera spelet sitt. Då er det duellspelet som avgjer kven som får ballen. Madla var laget som var mest påskrudd, vann ballen og fekk difor flest sjansar i starten.
 

Trass i høge skuldre og manglande spel fekk Suldal sjansar tidleg. Etter 5 minutt fekk Suldal fyrt av eit skot frå 18 meter. skotet traff ein av dei blåkledde Madlaspelarane og gjekk over mål. Suldal fekk corner. Det var kriging i feltet, Jone Utbjoa fekk eit skot som traff keeper. Ballen landa på femmeterstreken, her var Tore Bendiksen Søraas og satt ballen i mål. 1-0 til Suldal etter 6 minutt!
 
I kampen sitt niande minutt får Madla corner. Her er det dei som vil mest i duellane og dei får fleire moglegheiter til å avslutta inni Suldal sin 16 meter. Spelet blir blåst av når dommaren ser ballen treff ei hand som høyrer til det forsvarande laget. Straffe. Ingen på bana kunne forstå dette. Her meinte dei gulkledde at ballen ikkje var på handa, men på hovudet. I mangel på VAR blir avgjersla til dommaren ståande. Madla set straffesparket sikkert i mål. Stillinga vart utlikna til 1-1.
No var det på tide å skru på brytaren for Suldal, vinne duellane, legge ballen på bakken og få spela i laget. Trenar Arne Abrahamsen legg spesielt merke til Øystein Nærheim som tek ansvar og er tett oppi duellane. Det gode arbeidet gjev også resultat for Øystein. Han snappar opp ballen utanfor 16-meteren, drar seg forbi forsvarsrekka, men ein god Madlakeeper reddar ballen. Det resulterer ikkje i mål med det første, men i alle fall ein stor sjanse som gjev meirsmak.
Viljen til å vinna duellar smittar over på resten av laget og Suldal byrjar å dominere siste halvdel. Arne sitt mannskap får også ein større ro over pasningspelet og mange fine kombinasjonar kjem fram. No er det kjekt å sjå Suldal spele fotball.
Sjølv om Suldal har tatt kontroll på spelet viser Madla at dei også kan. Madla får hjørnespark. Ein Madlaspelar får ballen på hovudet og ballen går like utfor mål. Ein påminnar om at ein ikkje har råd til å sleppe til dei blåkledde.
Like etter viser Mohammad Ibrahim Dawus fram kvifor han er førstevalet på kanten. Han dreg seg laus frå to motspelarar og inn i bana. Avslutninga frå 17 meter vart redda av keeper.
Meir godt spel av dei gulkledde følger. Ballen trillar fint mellom lagdelane våre og vart spelt gjennom forsvarsrekka frå Knut Hoås Foldøy til Tore. Tore får sitt andre mål for dagen. 2-1 til Suldal etter 33 minutt.
Fem minutt etter vart det blåst frispark like utfor Madla sin 16-meter. Øystein tek frisparket og skrur ballen i nettmaskene høgt oppe i næraste hjørne. Eit flott frisparkmål eller kampen sitt 37 minutt. 3-1.
Like før pause får Suldal og Madla kvar sin sjanse. Mohammed skyt, men keeper reddar og gjev retur, Tore skyt, men keeper reddar igjen. Ein god dag for Madla sin målvakt. Madla sin sjanse var også stor. Madla får trille ball mellom lagdelane til Suldal. Dei gulkledde blir springande mellom utan å få kome seg oppi ballførar. Madla får avslutninga frå 15 meter, men på utsida av mål. Dei blå kan altså også spele god fotball dersom dei får sjansen.
Pause 1-3 til Suldal.
Andre omgang startar noko likt som første omgang. prega av feilpasningar og meir nervøsitet. Her får Madla fleire sjansar når dei triller ballen gjennom lagdelane til Suldal. Likevel blir dette også ein omgang der Suldal viser seg som det sterkaste laget på banen. Spesielt på venstresida kjem Suldal til ein del sjansar med Torjus Steine, Mohammed og Tom van Ruiven involvert.
Den første sjansen på venstresida kjem når Mohammed dreg seg forbi to motspelarar slik som ein ofte kan sjå han gjera på fotballbanen. Etterpå sentrar han til Ingve Berge som curlar ballen på utsida av lengste kryss.
Neste sjanse frå venstresida kjem når Torjus speler Tom fint igjennom. Tom spring ifrå motspelaren sin, men hamnar på hjørna av 16-meteren. Torjus kjem i støtte og får ballen, han dreg seg inn mot mål og skyt hardt. Baller går på keeper som gjev retur. Returen går på utsida av mål.
Det vart prata om på benken kvifor Suldal fortsatte å skapa sjansar. Suldal trilla jo ikkje ball og hadde heller ikkje dei fine kombinasjonane som i første omgang. Ein kombinasjon av god innsats i duellspelet og individuelle prestasjonen vart semja på benken om kvifor Suldal framleis var det beste laget på banen.
På tampen av kampen får suldal eit straffespark. Keeper reddar straffesparket.
Kamp slutt 1-3
Mål:
0-1: Tore Bendiksen Søraas, retur frå keeper.
1-1: Straffe
1-2: Tore Bendiksen Søraas, målgjevande Knut Hoås Foldøy
1-3: Øystein Nærheim, frispark.
Lag: 4-4-2
Målvakt: Dawud Ibrahim Dawud
Forsvar: Jone Utbjoa, Isak Berge Espe, Knut Hoås Foldøy, Torjus Steine
Midtbane: Mohammed Ibrahim Dawud, Ingve Berge, Øystein Nærheim, Håvard Fatnes
Angrep: Rene Adjemi og Tore Bendiksen Søraas
 
Innbyttarar: Espen Josdal, Ørjan Underbakke, Tom van Ruiven, Jørgen Mikkelsen, Arin Eirikssønn og Ole Magnus Fauskanger
Alle innbyttarar fekk spela