Sol + litt regn = dobbel lukke!

Siste heimekamp for sesongen baud på lokaloppgjer.

Eit Suldal som har valsa over alle motstandarane i Prestavikjo tok i mot Hjelmeland som i år rett og slett har hatt det tungt. I kolonna for poeng i tabellen stod det ein smultring før kampen, og den står der framleis etter denne kampen.

Heimelaget hadde nokre småsjansar i starten av kampen, men som vanleg i starten av kampane var det ein del gruff i speleflyten og killer-instinktet framfor motstandaren sitt mål. Nærast var Tom van Ruiven med eit flott langskot frå kanten av straffefeltet. Han drog seg fri frå motstandaren og skrudde ballen i tverrliggaren. Hjelmeland hadde sin største sjanse i kampen rett før dette, då dei fekk ein ball i stolpen.  

Suldal sitt spel i starten kan oppsummerast nokonlunde slik: Ein del gode trekk, pasningar og løp, enda opp i eit ukonsentrerte eller unøyaktig øyeblikk. Det er jo derfor me held på i 6. divisjon. Når det så lukkast for alle på ein gong, er det absolutt ein god del som varmar publikum. Godt oppmøte også i dag, gjer årets fire heimekampar til ein publikumssuksess.

Suksess blei det sjølvsagt til slutt på banen i dag og. Den avgjerande spelaren i protokollen for første omgang skulle bli Torjus Steine. Frå venstrebacken sin kom han stadig på gode løp og kom til nestensjansar og innlegg. Etter omlag halvtimen skulle det bli teljande resultat. Håvard Fatnes, som i år verkeleg har fått ting til å stemma, slo eit godt hjørnespark. I enden av dette letta Torjus opp frå kunstgrasmatta og stonga ballen kontant i mål via tverrliggaren. Eit flott mål!

Like før pause dobla Torjus leiinga. Denne gong var han plassert utanfor halvsirkelen til Hjelmeland sitt straffefelt. Mohammed Ibrahim Dawud fekk med ryggen mot mål levert ut til Torjus, som frå 18 meter sette ballen hardt og godt i nettmaskene. Dagens skåring i følge juryen rundt middagsbordet.

Bortelaget hadde i grunn lite farleg å komma med, så då laga gjekk til pause verka det til å vera ei ganske trygg leiing. Forventningar til fleire mål var absolutt til stades på tribunen. Så skulle skje rett etter pausen. Suldal fekk nok eit hjørespark som Håvard denne gongen skrudde nesten rett i mål sjølv. Heilt åleine inn i nettmaskene gjekk likevel ikkje ballen. På bakre stolpe lurte den andre backen, målmaskina Jone Utbjoa. På ekte goalgettar-vis var han frampå og sikra at det vart mål.

Ein annan erfaren målskårar ville ikkje la Jone stikka i frå han på toppskårarlista til Suldal. Tore Bendiksen Søraas hadde hatt nokre sjansar som han ikkje fekk i mål, men etter 57 minutt var han på rett stad. Ein god Øystein Nærheim fekk ballen på midten av banen, forserte forbi både ein, to og tre spelarar og fekk levert til midtbanemakker Ingve Berge. Ingve ladar skotfoten og sender ballen i tverrliggaren frå 18 meter. Returen er Tore raskast på og headar ballen i mål bak målvakta. 4-0 før timen var spelt.

Resten av kampen var vel spørsmålet om Suldal greidde å putta fleire ballar i mål, og om ein kunne greia å halda nullen for første gong i år. Backane er alt nemnd, midtforsvaret med Knut Hoås Foldøy og Isak Berge Espe må seiast å ha full kontroll i dag, og når ballen først passerte desse karane, så var målvakt Dawud Ibrahim Dawud vaken og rydda godt opp.

Det vart gjort fire bytte siste halvdel av omgangen, der alle spelarane på benken fekk prøvd seg. Alle desse fire skulle stå bak dei største sjansane på slutten. To av innbyttarane stod for ein stor dobbelsjanse: Elias Gundersen fekk ballen på omlag 20 meter og sendte ballen i ein boge mot mål. Ballen slo nok ein gong i jernverket, returen var Ole Magnus Fauskanger først på, men returen gjekk rett i keeper. Det har blitt ein del debutantar i år, og siste debutanten var Martin Marvik. Han kom godt med i spelet, og rett før slutt fann han Ørjan Underbakke. Også denne gong var det i området 16-20 meter at Suldal var først på ballen, mange sjansar og mål kom frå denne posisjonen i dag. Ørjan gjorde som han har gjort mange gonger før. La kjensler og presisjon i staden for kraft i foten og skaut ballen kontrollert i mål og fastsette sluttresultatet til 5-0.

Sigeren gjer at Suldal nå står med siger i alle fire heimekampane, og målforskjell på 23-4 i Prestavikjo. Dei fire bortekampane må ein vel seia ein kan vera nøgd med resultatet i tre av dei. Første bortekamp blei eitt-målstap mot Staal 2 som har vunne alle kampane sine. To av bortekampane har enda med siger, ein av dei mot Madla 3 som me nå kjempar om andreplassen mot. Det må vel vera bortekampen mot Sørmarkå som ein ikkje kan seia seg nøgd med når det gjeld resultat.

Suldal er før siste kamp borte mot Brodd 3 på laurdag sikra ein pall-plass. Staal 2 ser ut til å gå til topps, dei må tapa dei to siste kampane sine om me skal ha sjanse til å ta dei igjen. Madla 3 ligg eitt poeng før Suldal før siste runde, og nettopp Madla 3 og Staal 2 skal spela mot kvarandre i siste kamp. Dersom Suldal gjer jobben og tek tre poeng, vil me gå forbi Madla 3 dersom dei ikkje slår Staal 2.

Sjå tabellen oppdatert til ei kvar tid https://www.fotball.no/fotballdata/lag/tabell/?fiksId=15115

Fakta:

Lag:

Dawud Ibrahim Dawud – Torjus Steine, Knut Hoås Foldøy, Isak Berge Espe, Jone Utbjoa – Tom van Ruiven, Ingve Berge, Øystein Nærheim, Mohammed Ibrahim Dawud, Håvard Fatnes – Tore Bendiksen Søraas.

Mål:

32 min: 1-0: Torjus Steine, målgj. Håvard Fatnes

42 min: 2-0: Torjus Steine, målgj. Mohammed Ibrahim Dawus

46 min: 3-0: Jone Utbjoa, målgj. Håvard Fatnes

57 min: 4-0: Tore Bendiksen Søraas. målgj. Ingve Berge

89 min: 5-0: Ørjan Underbakke, målgj. Martin Marvik

Tabell pr 2. oktober 2021