Hausluftå og dei gulbrune bladene på buskar og tre vitna om at fotballsesongen gjekk mot slutten laurdagen i oktober. Suldal sine beste menn skulle til

dyst for aller siste gong i denne korte, men flotte sesongen i 2021. Laget som denne gong skulle vera motstandar var Brodd 3 på ein bane som er for liten for 11-fotball. Me har hatt fleire kampar opp gjennom åra på denne banen med blanda hell.

Brodd 3 har hatt ein sesong der det har gått litt opp og ned der dei hadde sanka 6 poeng før topplaget frå Suldal. Bortelaget stod med 18 poeng før kampen og har hatt ein god sesong sjøl med ein del forfall frå sentrale spelerar før sesongen.

Nok ein gong stiller folk opp for å sjå gutane frå Suldal.

Til denne kampen var det eit suldalslag som med god grunn kunne stille med senka skuldre vel vitende om at topp 3 allerede var sikra.

Laget som starta var Jørgen i mål med Jone og Håvard på backane. Isak og Sigvart i midtforsvaret med Øystein og Rene framfor seg. Dei to sentrale på midtbanen vart flankert av Muhammed og Tom på flankane med Ole Magnus og Tore på topp. Benken var godt satt med Dawud, Daniel og David, som alle fekk mykje speletid.

Kampen kan summerast opp med einveiskjør mot Brodd 3 sitt mål i samfulle 90 ++ minutt og underteikna sleit med å henge med samtidig som LIVE rapportering på Facebook skulle utførast. Likevel, kampen forløp seg slik:

2 min: Ole Magnus er fint gjennom og kan skyte sjølve. Han sentrer likevel ballen fint til Tore som snuble ballen utanfor

12 min: Ny stor sjanse etter corner frå Øystein. Ballen fyk forbi alt og alle og endar i bakerste stolpe og rett i hendene på heimelaget sin gode målvakt.

19 min: 0-1 Tore, Jone med assist. Ein fin ball frå Jone der Tore får komme gjennom eit stillestående Brodd 3 forsvar. Denne gong gjer Søraas ingen feil og set ballen til høgre for målvakten og i mål

23 min: Øystein med halvsjanse der han ser ut til å komme aleine med målvakt. Blir sprunget opp av ein forsvarar

36 min: Tore stussa reit frispark frå Øystein mot mål. Kun ei god redning frå målvakt hindrer 2-0

40 min: 0-2 Rene, Tore med assist. Frispark som bliver stussa videre. Der er Rene og nikkar ballen i nettet

44 min: Strålande av Jørgen når Brodd 3 sin spiss er gjennom. Flott inngripen

Pause 0-2

Full kontroll og mengder av sjansar og nesten sjansar frå Suldal. Kunne og burde hatt fleire mål samtidig som Brodd 3 også fekk ein stor sjanse mot

slutten

 

Tore med ein god kamp og fire mål

47 min: Strålande beinparade av heimelaget sin bakerste mann hindrer 0-3. Ole Magnus får lada kanona, men målvakten redder fint

49 min: Nok ein beinparade frå målvakten til heimelaget etter eit strålande frispark frå Øystein. Nå må den vel snart sitte?!

53 min: 0-3 Tore, Ole Magnus med assisten. Fytti grisen for ett mål!! På over 20 meter mottar Tore ein litt luftig ball frå Ole Magnus. Tore tek imot ballen med brystkassen og vrir seg slik at han treff ballen på heil volley. I ein flott bue over målvakt endar ballen i mål. Der satt an

55 min: 0-4 Tore med ukjent assistent. Her var underteikna med nasen i mobilen og skreiv om 0-3 målet. Nå smelle det i alle bauar og kanter på Midjord

67 min: 0-5 Tore. Rene med assisten. Suldal sin eldstemann lurer offsidefella til heimelage. Tore følger opp og rene serverer ein fin pasning. Jobben til Søraas er dermed enkel og dette begynner å bli ein komfortabel ledelse

Suldal styrte kampen frå start til slutt og seiersmarginen kunne vore langt større

68 min: Brodd 3 med eit godt skot som endar i tverrliggar bak Suldal sin nyinbytta målvakt, Dawud

74 min: 0-6 av Tom. Klabb og babb i feltet der Tore sjølv meiner han blir felt. Ballen går videre og endar etter litt på foten til Tom. Den unge sandbuen gjer ingen feil og set ballen i nettet

80 min: 0-7 då Muhammed gjer alt aleine og utfører ein strålande prestasjon då han mottek ballen på egen banehalvdel. Muhammed set på turboen før han skjærer inn i Brodd 3 sitt felt. Han set foten til og sender ballen utagbart i nettet bak ein forfjamsa målvakt

84 min; 0-8 av Muhammed igjen. Nok ein gong gjer han det meste sjølv før han sender ballen i nota.

87 min: 1-8 der Brodd 3 prøver seg på nok eit langskudd. Denne gong er det betre og ballen fyk over Dawud og i mål.

Rene med både mål og målgjevande

Kamp slutt 1-8

 

Ein strålande kamp på Midjord er over og Suldal innkasserer 3 nye og vel fortjente poeng. Med dette går dei gulsvarte opp på andre plass og må vente til 19 oktober før ein vett endeleg tabellplassering. Grunna ein del krasj med både juniorlag og A-lag i 3 divisjon er kampen mellom Staal 2 og Madla 3 er utsatt. Det blir spennande å sjå korleis den kampen endar då Madla må slå ubeseira Staal 2 for å gå forbi Suldal.

Ein strålande sesong er over og me ser fram til sesongen 2022 med full terminliste og ny energi.