Håvard er årets spelar 2021. Bildet er frå 2017, då han blei kåra til årets unge spelar!

Suldal IL sitt a-lag i 6. divisjon spelte sin site kamp for to veker sidan, men me ventar framleis på om det blir 2. eller 3. plass.

Staal Jørpeland 2 – Madla 3 skal spela på tysdag. Dersom Madla 3 greier å bli første lag som slår Staal, så går dei forbi oss. Me satsar på at Staal ser æra i å gå gjennom sesongen med berre sigrar….

Sist laurdag hadde a-laget avslutning, som vanleg med litt mat og drikke, quiz og kåringar. I år var me på Båthuset på Sand, der me også fekk sett at Chelsea greidde å karra seg til ein heldig siger mot Brentford. Det var det berre David som var vidare begeistra for.

Viktigare var det å kåra årets spelar. Det er mange som har gjort svært gode prestasjonar i haust, også over tid. Til å ha vore stillstand i fotballen i 1,5 år, må ein kunne seia seg godt nøgd over det sportslege nivået samanlikna med dei andre laga i divisjonen. Trenar Arne Abrahamsen var likevel ikkje i tvil då han måtte trekka fram eit namn som har utmerka seg spesielt. Årets spelar vart Håved Fatnes, som både i trening og kamp har stått fram med innsats, ferdigheiter og avgjernade augneblink i årets sesong. Svært fortent utmerking!

Når trenaren skulle velja årets unge spelar, var han meir i tvil. Det stod i grunn jamnt mellom to spelarar, så då det blei klarlys for å kåra to unge spelarar i år, blei det lettare. Tom van Ruiven og Arin Eirkssønn kom tilbake frå ein sesong i Sauda og gjekk inn og spelte klokt, godt og la ned ein strålande innsats. Tom fekk speletid i alle kampar, mens Arin måtte melda avbod til ein. Desse to 17-åringane var me svært glade i å få inn i laget, og me har dei i alle fall halvanna sesong til før dei er ferdige på vidaregåande. Gratulerer med pris!

Elles må ein trekka fram den notoriske målskåraren Tore Bendiksen Søraas som blei toppskårar med 10 mål, nå er han berre eitt mål bak kaptein Jone Utbjoa på toppskårarlista, sistnemnde har 62 mål frå og med 2009. Jone sjølv putta fire mål frå backposisjonen sin (eit par? på straffe). Mellom desse to rutinerte goalgettarane plasserte heimvendte Mohammed Ibrahim Dawud seg med solide sju mål frå midtbaneposisjonen sin. Mohammed har verkeleg levert ein solid sesong.

Pris vart det også til Espen Josdal og årets spelar Håvard Fatnes som passerte 50 kampar for Suldal i år.

Me hadde heile åtte debutantar for a-laget i år, heile seks av dei ungdommar frå Sand: Martin Marvik (15), Arin Eirikssønn (17), Tom L. van Ruiven (17), David Roganovic Larsen (18), Pelle J. Tijhuis (20) og Jørgen Lund (20). Årets yngste debutant var frå Suldalsosen: Elias Gundersen (15, men 14 då han debuterte), og så fekk me inn nytt blod i kommunen i Ole Magnus Fauskanger (24) frå Stord.

I år blei det berre halv serie og 9 kampar. Fem spelar fekk med seg alle, og det var Jone Utbjoa, Mohammed Ibrahim Dawud, Håvard Fatnes og Tom L. van Ruiven. Det blei brukt 26 spelarar i årets sesong.

At kapteinen spelte alle kampane gjorde at han nå står øvst på adelskalenderen frå og med 2009 saman med Ingve Berge som har leia lista dei siste åra. Ingve måtte stå over to kampar i haust, så dermed står dei likt med 139 kampar. Ørjan Underbakke er den tredje spelaren med over hundre kampar, 6 kampar i år, 128 totalt.