Veteranturnering +39 ved Sørmarka arena 13.11.2021.

I helga var Suldal IL godt representert på Tjensvoll IL si +39-årsturnering ved Sørmarka Arana.

Tjensvoll IL, med utflytta sandbu Jan Egil Tengesdal på laget, inviterte i haust til turnering for spelarar i alderen 39 år og oppover, noko som passa godt for ein gjeng gamle a-lagsspelarar med karrierehøgde i første tiår av 2000-talet. Dette var eit godt høve til å samlast til bytur, men spenninga var stor på om me hadde helse og kondisjon til å spela fem kampar på 2 x 15 minutt. Det skulle visa seg at dei fleste begynte å kjenna på strekkar, anklar, ryggar, kne og lårhøner, og spesielt tærte det på at ein hadde pausar mellom kampane der musklane blei kalde og burde ha blitt varma opp igjen…

(Bilder og video i slutten av innlegget.)

Suldal var i pulje med sterke lag som Vaulen, Figgjo og Brodd, og for å komma til a-sluttspel måtte ein komma på 1. eller 2. plass. I første kamp fekk me vist at me ikkje kom til å bli utspelt, noko som enkelte frykta før start. Me var absolutt på høgde med Vaulen, men tapte 2-1 etter mål av Geir Bjarte Hoftun. Dessverre var det over og ut for Thomas Brustveit alt før kampen var slutt, og han måtte sjå resten av turneringa frå sidelinja med ispose på låret etter strekk.

Kamp nummer to var mot Figgjo, og lagleiar Tor Olav Berge endra frå ein litt ukontrollerbar formasjon 2-3-1 til ein meir kontrollert 3-3-0. Det førte til at Figgjo hadde mykje ball, men at dei heller ikkje kom til så mange sjansar, slik at resultatet blei 1-1. I etterkant kan det nok ha vore lurt å vera defensive i denne kampen, for Figgjo spelte seg heilt til finale der det blei tap for Storhaug. I denne kampen fekk Geir Bjarte tilbake ein gammal kjenning, strekk i låret, og var nestemann som måtte gå over som tilskodar. Med to mann ute på kort tid, fekk me dispensasjon til å hiva ein drakt på ein ungdom som blandt publikum. Tilfeldigvis var det Tore Bendiksen Søraas (34), noko som me nok skal innrømma gav oss ein viss kvalitetsheving. Det første han gjorde var å banka inn utlikninga mot Figgjo, og det blei fleire mål utover i turneringa.

For å gå vidare til a-sluttspelet, måtte me slå Brodd i tredje kamp. Dette vart ein artig kamp mellom to lag som var jamngode og hadde tendenser til fint spel. Brodd gjekk opp i leiing, men Suldal snudde til 2-1, før Brodd fekk utlikna til 2-2. På denne stillinga fekk Rene Adjemi lada kanona og ballen hadde retning mot mål, men Jon Bråtveit var ikkje kjapp nok til å flytta seg vekk slik at ballen traff ryggen hans og gjekk rett over mål. Rett etter dette var det Brodd som fekk 3-2-leiing, og så gjekk lyset for Suldals-laget dei siste minutta av kampen slik at det blei 5-2 til Brodd.

Noko slukøyra etter ein skuffande avslutning på gruppespelet gjekk me i gong med å studera resten av kampprogrammet. Det skal nok innrømmast at dei fleste hadde ein plan om å sjå kva som gjekk føre seg i Vågen i Stavanger om ettermiddagen, så det var nok ikkje noko stort ønskje om å spela ein eventuell b-finale kl 18.30. Same tankane hadde visst motstandarane i kvartfinalen i b-sluttspelet. Kampen mot Ledaalskammeratene bar preg av slitne bein og ein ikkje alt for vilje til å gi alt for siger frå begge lag. Likevel går me sjølvsagt ikkje på banen med andre mål enn å vinna. Trass labert tempo i kampen, blei det mykje mål. Sluttstillinga enda på 7-5 til Suldal, og me var klar for semifinale.

Vigrestad var motstandar, og også ivrige etter å komma i gong med kamp, så det blei ikkje mykje kvile før ein måtte trø til på ny. Nå var det knapt nokon spelar som ikkje var prega av skader, vondt, strekk og sviktande konsentrasjon. Semifinalen starta strålande, og det stod plutseleg 3-0 til Suldal. Så måtte vår innleigde keeper med oppvekst i Sauda og skulegang på Sand; Morten Håheimsnes, gi seg med ryggvondt. Morten stod strålande gjennom heile kampen og viste at han har vore ein god keeper på fleire lag over Suldal i divisjonssystemet. Me skal absolutt ikkje skylda dei første fem måla Vigrestad fekk på resevemålvakta, her må heile laget ta skulda for kollaps, men likevel godt forståeleg. Spelartroppen var på felgen i siste omgangen. Vigrestad var i flyten, men me fekk også mål, slik at det stod 5-5 rett før slutt. Så kom det ei blura mot lagleiarren som nå var keeper. Om det var tanken på at ein ikkje orka finale, eller om det var såpass seint at ballen fekk dogg på seg og blei glatt veit me ikkje, men ballen smaug seg mellom både hender og bein og rulla i mål. Ja-ja, det var ingen som mukka av det.

Målskårarar og assistar blei det litt for mykje styr å halda greie på utover kampen, men dei fleste fekk skårt mål eller lagt  opp til mål, om ein ikkje då stod i mål og redda mål… Eit mål får me likevel nemna, for viss ikkje er det ingen som vil tru han i ettertid: Tom Gardsteig skåra med hælspark!

Det var ei svært kjekk turnering som gav fleire av spelarane ei a-ha-oppleving på at kroppen ikkje tåler like mykje som før, og at hovudet reagerer raskare enn føtene. Me slapp frå det utan alvorlege skader, og fekk tid til å dusja før me møttest til landskamp på eit etablisiment i sentrum. Det blir alt snakka om ny turnering, så ein må nok ut i bingen og trena litt…

Desse var med i ulike aldrar frå 39 og oppover:

Bak frå venstre: Odd Åsgeir Lunde (skada på trening FØR turnering), Tore Bendiksen Søraas (dispensasjon), Tor Olav Berge, Hans Olav Brustveit, Geir Bjarte Hoftun, Thomas Brustveit, Jan Ove Sæbø, Rene Adjemi, Jon Bråtveit. Framme frå venstre: Øystein Vaage, Nils Arne Moe, Morten Håheimsnes, Tom Gardsteig, Sverre Gjuvsland.

 

 

 

Videobevis på at me varma opp minst ein gong i løpet av turneringa! Takk for dokumentasjon, Knut Hoås Foldøy.