Suldal IL vart stifta i 1946, noko som gjer at ein i helga kunne feira 75-årsjubileum for idrettslaget!
Dagen blei feira med aktivitetar for barn i gymsalen på dagtid. Her var det mange aktivitetar, godt leia av flinke og engasjerte ungdommar. Alle som prøvde seg fekk spesiallaga medalje, pølse, lapp og saft. To av hovudsponsorane, Sparebanken Vest og Statkraft, hadde stand med konkurransar og quiz, der Statkraft trakk glade vinnarar av fenalår, fruktkorg og Twist. Suldal IL sjølv hadde stand med sal av litt overskotsklede, quiz og ikkje minst sal og signering av den rykande ferske jubileumsboka skrive av Terje Bråtveit og Nils Bergjord. Det var også kiosk.

Arrangementet på dagtid gjekk føre seg i gymsalen og Foajèen. Foajèen for høvet pynta i gult og svart. Takk til dei vaksne som ordna til aktivitetene og ungdommane som gjennomførte dei, takk til økonomigruppa og dei som stilte opp på dugnad i kiosken.

Om kvelden var det dekka for jubileumsmiddag med program. Først ut var leiaren i idrettslaget, Helen Moen Gjuvsland, som ønska velkommen og fortalde om stoda for idrettslaget i dag, kor viktig det er at barn og ungdom er med på organisert aktivitet ut grunnskulealder, og at idrettslaget er heilt avhengige av den gode dugnadsinnsatsen som er. Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt! Gruppeleiarane i ski og fotball, Per Even Tjøstheim og Jon Bråtveit, fortalde om aktiviteten i gruppene sine, samt i trimgruppa og økonomigruppa.

Kraftverksjef Bjørn Sandvik ved Statkraft overrakte flotte ord, blomar og invitasjon til Suldal IL om å få vera med på ein spesiell dag hos Statkraft, og Hans Olav Brustveit og Stig Morten Nerheim frå Sparebanken Vest hadde og fin helsing og lova å vera med vidare på å støtta idrettslaget. Vinnarar av quizen deira blei også trukke ut.

Så var det tid for høgdepunktet for mange; Bokbad av jubileumsbokforfattarane leia av Judith Sørhus Litlehamar. Ho fekk forfattarane til å fortelja både om innhaldet og arbeidet med boka, og her kunne ein nok ha halde på lenger enn ein gjorde, men litt må ein overlata til lesarane av boka også.

Etter bokbadet var det tid for jubileumsmiddag frå Kulp. Det var hjortegryte med potetmos og grønsaker, med moltefromasje til dessert. Nydeleg mat servert av svartkledde servitørar med gule sløyfer.

Då maten var rydda av bordet, var det tid for kåsseri av Lars O. Seim frå Røldal. Han har vore svært aktiv på langrenn opp gjennom åra, og hatt mange konkurransar med eit par av våre store langrennsstjerner, Sveinung Havrevoll og Tore Moe. Lars tok oss med på han og broren Kjell Ove si reise i idretten frå dei var ganske små og fram til nyare tider. Med ein røldøls lune humor og nokre kvasse skråblikk fekk han fram mykje humring i salen.

Det nærma seg så slutt på programmet, ein måtte berre få svara på quizen frå jubileumsboka som vart halden på dagen før det var tid for urframføring av Kolbein Bakka sin nydikta Jubileumssong for Suldal IL 75 år. Det var allsang, men stødig forsang av fem damer frå Osa-Trall.

Suldal Idrettslag 75 år.      (Fest 04.12.21)

Tekst: Kolbein Bakka

Tone : Do, run-run-run, do run-run…

Ref.

I nittenførtiseks, så starta det….. ( Start med siste linja i refrenget.. !)

1.

Han Kjerleiv tenkte så, skal me få det bra

Eit idrettslag, det vil me ha

Med stadion og bakkar og med treningsmil

Og namnet sa seg sjøl, det er S -I -L

Ref.

Me skal feira, me ! Det er grunn te det !

Maan’ge har vore med

I nittenførtiseks, så starta det.

2.

Med stuttbuksa og teser eller seilduksko

Det måtte te, sku’ du bli god

Med strekkbuksa, gamasjer og i anorakk

Og beksaumar, som stundom sprakk.

Ref.

Me skal feira, me ! Det er grunn te det !

Maan’ge har vore med

I nittenførtiseks, så starta det.

3.

I Mehushaugen drog dei til med lange hopp

Å sjessa på Vatnet, var alltid topp

På Jensaplasset dribla både  «half» og «back».

På Førland var staden for spyd og hekk.

Ref.

Me skal feira me ! Det er grunn te det !

Maan’ge har vore med

I nittenførtiseks, så starta det.

4.

I femogsytti år har me dreve på

Og  laget står støtt, det kan alle sjå

I fotball og på ski, for der trør me til

Og  laget for alle, er S-I-L

Ref.

Me skal feira, me ! Det er grunn te det !

Maan’ge har vore med

I nittenførtiseks, så starta det.

5.

I Prestavikjo  spenner dei mest alle dar

båd’ småjenter, og vaksen kar

Ved Gullingen me møter dei i «dress kondom»

Og minkar det snø, har dei snøkanon.

Refr.   (Nytt !)

Dei sku’ sett det, dei. Dei som staka vei !

Innnn, i ei ny’e tid

Går laget fram med god’e glid.

6.

Så festar me for åra, som har fare hen,

 men lika mykje for det som kjem.

For alle som har ytt, til det ein treng

Me ropar HURRA, og syng vårt refreng

Ref.  (Nytt !)

Takk til alle som, gjennom åra kom

Tok eit grepa tak

For idretten si gode sak

Ref.       (Ein gong til !)

Me skal feira me ! Det er grunn te det !

Maan’ge har vore med

I nittenførtiseks, så starta det.

 

Til slutt kunne underteikna som konferansier takka for frammøtet, takka Knut Nærheim for arbeid med lyd og lys, takka jubileumskomitèen for planlegging, pynting, servering og rydding, og ikkje minst takka Hovudsponsorane, draktsponsorane og skiltsponsorane til Suldal IL og Suldalsgutane- og jentene for den uvurderlege støtta dei bidreg med.

Mange tok turen heim då programmet var slutt i halv tolv-tida, men rykta seier at det vart låst for sistemann i halv-fire-tida…

Takk til alle for ein kjekk dag.