Søndag 13. septemberHaugar

15 årslaget såg fram til kamp mot Haugar, søndag. Fredag ettermiddag kom beskjeden frå Haugar at dei ikkje kunne stilla grunna div. ”tynne” argument. Bla. hyttetur for 4 spelarar.

Ok, tenkte me. Då tilbyr me kamp måndag kveld. Seint søndag kveld får me nok ein beskjed, etter fleire purringar frå underteikna, om at dei ikkje kunne stilla måndag heller. Så kan ein jo berre gjera seg sine eigne tankar, om kva grunnar dei hadde for ikkje å møta. Men det har alltid vore langt til Suldal……..?!

Me har sendt all nødvendig informasjon til kretsen, og resultatet vart seier,  3 poeng og 3-0 i målskilnad for oss. I tillegg får nok Haugar ei bot.

For å sjå resultat og tabell kan ein gå til ”Aldersbestemt fotball” og linken til G15 1. div. avd. 03 Haust. Tabelloppdateringar www.speaker.no

Neste kamp for 15 årslaget blir borte mot Sauda på fredag.

Svein Øystein