5. beste spelar i 6. divisjon: Tore Bendiksen Søraas.

Tore Bendiksen Søraas er av Stavanger Aftenblad kåra til den 5. beste spelaren i 6. divisjon i sør-fylket!

Aftenbladet har gått gjennom spelarar i 3.-7. divisjon og lista opp det dei meiner er dei beste spelarane sør for Boknafjorden i Rogaland. Her har altså Tore fått ein solid 5. plass. Dette er ikkje berre spelarar frå vår 6. divisjons-pulje, men frå alle puljene i sør-fylket. Det er ikkje tvil om at Tore er ein viktig spelar for oss i Suldal, og han kunne som det blir nemnd i artikkelen ha spelt fleire divisjonar høgare. Derfor er det heilt suverent at han framleis prioriterer å stilla til kamp for Suldal. Sjå  artikkelen her for dei som har abonnement.

Tore har blitt lagt merke til tidlegare også. I 2010 (11 år sidan!) blei han uoffisiselt av Sviland kåra til beste spelar i 5.divisjonspulja me den gong spelte i. 11 sesongar mellom to slike bragder står det respekt av. Det kan de lesa om her.

Litt artig at blidet som blei brukt (sendt av oss) er frå veteranturneringa der Tore fekk dispensasjon til å spela pga opptil fleire strekkskader på veteranane alt i første kamp! Me reknar med at Tore både er på a-lag og veteranlag om 11 år!

Gratulerer Tore!

Faksimile frå Stavanger Aftenblad. Om det skulle vera tvil: Tore i midten.
Gamlekapteinen Odd Åsgeir Lunde og mangeårig back/midtstoppar/oppmann Tor Olav Berge har lurt seg med.