Sauda kunstgras fredag 18. septemberSauda

Bortekamp mot Sauda denne fredagskvelden for G15 laget. Både Sauda og oss spelte i 2. div. i vår, og me hadde slått Sauda klart i begge desse kampane. Me var likevel spente før kampen, som gjekk på ein ny, flott innbydande kunstgrasbane.

På førehand fokuserte me på innsats og å vinne duellar, så ville spelet komme av seg sjølv. Innsatsen var god, og kampen var jevn, men med eit lite overtak til oss. Keeperen til Sauda måtte visa seg skikkeleg fram i eit par tilfelle.

Så løysna det for oss, John Herman får ein fin ball på venstresida som han tek på direkten, og ballen fauk i mål til 0-1. Etter dette fortsette det gode spelet til gutane, og dei gjekk opp til 0-2 ved Øystein N., og vidare til 0-3 og 0-4 ved Fredrik.

I pausen var me einige om berre å fortsetja i same sporet, så burde me kontrollera inn denne kampen. Og gutane haldt fram med sikkert og godt forsvar/keeperspel, ein godt arbeidane midtbane, og spissane Vegard og Sindre på stadige løp. Dette måtte gi resultat, og etterkvart gjekk me opp til både 0-5 og 0-6 ved Sindre og Øystein N.

Me tenkte me skulle behalda nullen bak, men heilt på slutten fekk ein Saudaspelar stå heilt åleine midt framføre mål, og scora sikkert til sluttresultatet 1-6.

Ein framifrå innsats av gutane, som til nå har vunne fire og tapt ein kamp i 1. div. Det er fantastisk bra, når ein veit at me slit me mannskapsmangel i mange kampar.  Som sagt tidlegare er me heilt avhengige av spelarane frå G14 laget. Dei gjer ein kjempeinnsats, og stiller opp for G15 laget. Bra.

Allereie tysdag 22. september er det kamp igjen. Denne gongen mot Vedavåg frå Karmøy heime på Sand kl. 1800.

Desse var med mot Sauda: Ingve, Lars Kristian, Johannes, Thomas, Mads, Dagfinn, Øystein W, John Herman, Øystein N. Christer, Fredrik, Vegard, Sindre.

Mål: John Herman 1, Øystein N. 2, Fredrik 2, Sindre 1