IMG_1668

Den største prestasjonen i denne kampen, var at me greidde å stille eit lag. Med 17 spelarar i troppen ute av diverse årsakar så merkar me det.

Likevel hang me bra med i ein time denne gang og, nett som mot Figgjo sist. Den siste halvtimen vart derimot tung. Det var godt me i praksis var ute av opprykkskampen.

For å få nok spelarar til kampen, måtte me ty til gamle heltar. Reidar Hagen er eit kjent namn i suldalsfotballen. 12 år etter sist kamp for Suldal gjorde han come-back, og viste at han ikkje har gløymt basisrøynslene. Hans Erik Svennes har og nokre sesongar på baken og gjorde tinga sine bra. Det vart nok tungt utover i kampen for desse to, men det er sjølvsagt forståeleg. 90 minutt på ei tung grasmatte blir i meste laget når ein ikkje har trent skikkeleg. Ørjan Underbakke var og sporty og stillte på svært kort varsel. Takk for god innstilling til alle desse tre. Med desse i troppen, slapp trenaren å utpå med dei skakke ledda sine.

Reidar - The Come Back Kid

Reidar - The Come Back Kid

Ein annan som viser flott innstilling er Hans Olav Brustveit. Nok ein gang var det han som måtte steppe inn i mål, og han gjorde jobben såpass bra at Vinjar Låjen kåra han til Suldal sin bestemann. Det seier kanskje litt om at Forsand kunne fått fleire mål. Dei pressa i frå starten og fekk eit par sjansar på gjennomspel og hjørnespark. 18 minutt ut i kampen såg det ut til at det første målet skulle komme, men då varta Hans Olav opp med ein flott beinparade.

Spelet bølga litt fram og tilbake. Suldal hadde og nokre halvsjansar etter litt fint pasningsspel, men den største sjansen vår kom på frispark rett før halvtimen var spelt. Tore Sørås tok rennefart frå skrått hald og skrudde ballen slik at den sneia utsida av vinkelen. Hadde den gått inn, så var det me som hadde gått opp i leiinga. Dessverre ville det seg ikkje slik. Rett etterpå fekk ein av Forsand sine spelarar stå upressa på 25 meter. Han kika opp og sendte ein duppar over målvakta og i mål. Og berre fire minutt seinare dobla heimelaget leiinga då dei kom opp på si høgre side. Eit hardt innlegg traff ein medspelar på bakre stolpe, og han kunne enkelt setje ballen i nettet.

Me var nok for forsiktige og litt på etterskot til tider i første omgang. Det var noko halvhjerta over mange spelarar. Dette tok me opp i pausen, og starten på andre omgang var

Hans Erik - alltid positiv!

Hans Erik - alltid positiv!

betre. Me vann fleire duellar og slapp ikkje Forsand til så mykje. 50 minutt ut i kampen vann Reidar ein takling på midten og sklei ballen flott gjennom til Bjørn M. Steine. Han hadde fri bane mot keeper og prøvde seg på ein lobb som hadde god retning, men målvakta fekk ei hand på ballen og avverga.

Spelet bølga vidare fram og tilbake. Forsand hadde ein kjempesjanse, før Tor Olav Berge slo eit godt frispark som Bjørn stussa utanfor. Ørjan hadde og eit skot som fort kunne blitt farleg. Men så slo Forsand til hardt og nådelaust. Det neste kvarteret fekk dei fire mål. Desse kom på konting, gjennomløp, hjørnespark og på innlegg. Dei fekk stå

Ørjan - stiller på kort varsel.

Ørjan - stiller på kort varsel.

umarkerte i feltet og heade inn eit par av innlegga, og lufta gjekk utav oss.

Mot slutten kom me likevel til nokre sjansar. Tore tok nok eit godt frispark som igjen traff treverket. Nils Arne Moe slo eit godt innlegg som Bjørn var først på, og Birk Håland var gjennom, men blei tatt. Det var på grensa at det var den bakre mannen deira som stod for fellinga, men han slapp med gult kort.

Det var litt surt at me ikkje kunne stille med fleire folk, for Midtbygden tapte 7-4 for vår neste motstandar Lura. Med siger kunne me inntatt andreplassen, men me var såpass langt i frå i dag at det ikkje nyttar å tenkje på det. Figgjo derimot, fossar fram mot opprykk og vann sin nestsiste kamp 8-0.

Nå gjenstår ein kamp, heime mot Lura i Prestavikjo laurdag 3. oktober kl 15. Den kampen ønskjer me sterkt å vinne, slik at me etter tre strake tap kan avslutte på ein positiv måte.

Fakta:

Mål :

Seks til Forsand.

Gule kort:

Hans Olav - vår beste i dag.

Hans Olav - vår beste i dag.

Eitt til Forsand.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Hans Olav Brustveit

2 poeng: Tore Sørås

1 poeng: Tor Olav Berge

Lag:

Hans Olav Brustveit – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Hans Erik Svennes – Torstein Erfjord, Tore Sørås, Reidar Hagen, Bjørn M. Steine, Vidar Hilde – Birk Håland

Innbyttarar: Ørjan Underbakke, Svein Egil Holmestad