Lura

Siste kamp for sesongen enda med heimesiger i eit helsikens ver. Det var godt å avslutte sesongen med siger etter tre strake tap.

Godt er det og for det som er igjen av gras på fotballbanane i Vikjo og på Eide, for banane har verkeleg vist at dei ikkje tåler alt regnet som har komme i haust. Slutten av denne kampen vart på grensa til parodi, spesielt på midten der Tore Sørås og Rene Adjemi regjerte. Her var det eit sorpehav, noko og Thomas Brustveit fekk merke då han måtte ta ein time-out på grunn av sorpesprut i auga. Det var tungt å springe, «det var som å springe i snø», vart det kommenter.

Men medan banen var nokonlunde grei, vart det spelt ein del bra fotball. Lura kom til den første sjansen då venstreback for høvet Hans Olav Brustveit i siste liten fekk kasta seg inn i ein glimrande takling. Hans Olav gjorde elles ein god figur i dag og, med fleire gode inngripnadar og fine pasningar. Suldal var likevel laget som førte spelet og pressa, men Lura kom på fleire halvfarlege kontringar. Det sleipe og tunge underlaget gjorde nok at dei ikkje greidde å vere så presise i stor fart som dei nok skulle ønskje. Lura kjempar mot nedrykk med Moi i parallellpulja, og trong sårt poeng, noko det etter kvart skulle vise seg at dei ikkje hadde særleg stor sjanse på.

Bjørn skåra eit flott mål.

Bjørn skåra eit flott mål.

Midtvegs i første omgang fekk ein god Bjørn M. Steine ballen ute på venstrekanten. Han forserte litt innover, kikka opp og såg at målvakta stod langt ute. Bjørn sendte så eit nydeleg bananskot over denne og flott opp i motsett hjørne. 1-0.

Sandbuane Tore og Vegard Aas pleier å konkurrere om det meste. Før kampen var det Vegard som leia målstatistikken med 9 mål mot Tore sine 7. Då Vegard dessverre måtte av banen alt etter 5 minutt pga skade, såg Tore sitt snitt. Han fekk god hjelp av Vegard sin erstattar, dagens bestemann Erik Bård Bråtveit.

Erik Bård kom inn og jobba hardt kampen gjennom, og to ganger resulterte dette i mål. Han vann ballen ute på venstresida begge gonger. Første gong serverte han Tore langs bakken slik at kapteinen kunne skyte den sikkert i mål. Nokre få minutt seinare, og rett før pause, kjempa han til seg ballen, gav vidare til Bjørn som sendte i veg eit høgt innlegg mot 5-meteren. Der var Tore høgast, og heada den hardt i nettmaskene.  Dermed kunne Suldal gå inn i garderoben og varme seg med ei grei 3-0 leiing.

Erik Bård var bestemann i dag.

Erik Bård var bestemann i dag.

Me bytta ein del både i pausen og i løpet av andre omgang. Totalt 20 spelarar fekk prøve seg i denne kampen, og alle kom godt frå det. Av dei som kom inn, kan ein i tillegg til Erik Bård nemne unggutane Ådne Nærheim og Ingve Berge. Ådne gjekk inn som midtstoppar og gjorde ein god figur. Han trødde godt til og viste fram eit fenomenalt tilslag på ballen. Ein ting er at det er godt å ha ein god pasningsfot som midtstoppar, men han er og farleg på frispark. Derfor fekk han krangla seg til å ta eit frispark på 20 meter til kaptein Tore sin store frustrasjon. Tore ville nok ha eit mål til, men Ådne hadde det beste argumentet; «Jon har sagt det!» og dytta kapteinen sin vekk. Dessverre gjekk dette frisparket utanfor.

Yngstemann på laget Ingve Berge erstatta eldstemann Erik W. Vold i mål då det var spelt ein time. Ingve viste godt blikk for spelet og var vaken ute og klarerte fleire gjennomspel. Han hadde og ein glimrande redning då ein Lura-kar kom laus frå Tor Arne Sigstad sitt jerngrep og avslutta med eit hardt skot. Flott innhopp!

Det vart svært kaldt, vått og surt mot slutten, og både spelarar og dommar var nok letta då 90 minutt var spelt og ein kunne gå inn og spyle av seg gjørma i varme dusjar. Sesongen er over. Det vart 3. plass sidan Midtbygden og vann sin siste kamp 3-0. Alt i alt ein god sesong, men med nokre feilskjer me godt kunne vore forutan. Det suraste er utan tvil tapet heime mot Figgjo som hekta oss av tetkampen. Men med ein god treningsvinter framfor oss, skal me ta opp hansken igjen til våren.

Fakta:

Mål:

1-0: 23 min: Bjørn M. Steine

2-0: 41 min: Tore Sørås

3-0: 43 min: Tore Sørås

Gule kort:

Erik Bård Bråtveit, Bjørn M. Steine, Rene Adjemi, Ådne Nærheim og eitt til Lura.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Erik Bård Bråtveit

2 poeng: Tore Sørås

1 poeng: Hans Olav Brustveit

Lag:

Erik W. Vold – Nils Arne Moe, Øyvind Gjuvsland, Tor Arne Sigstad, Hans Olav Brustveit – Øystein Nærheim, Tore Sørås, Rene Adjemi, Bjørn M. Steine – Vegard Aas, Geir Bjarte Hoftun

Innbyttarar: Erik Bård Bråtveit, Tor Olav Berge, Ådne Nærheim, Thomas Brustveit, Vidar Hilde, Ingve Berge, Torstein Erfjord, Birk Håland, Svein Egil Holmestad.