Djerv 1919

Gymnasbane 2 (kunstgras) Haugesund måndag 26. oktober

Årets siste, og avgjerande kamp for G15 laget. Nok ein vanskeleg bortekamp mot eit bra Djerv 1919. Regien var klar før denne kampen, seier eller uavgjort ville gjera at vårt 15 års lag ville gjera ei historisk bragd, med å vinna 1. divisjon.

Frå start var det Djerv 1919 som var mest på hogget. Me virka ikkje heilt med på notene og vart springande mykje imellom. Ikkje ufortent gjekk også Djervlaget opp i 1-0 leiing etter ein heading.

Etter kvart klarte gutane å spela seg meir inn i kampen, vann fleire duellar og kom på fleire løp. Då det var spelt ca. eit kvarter drog Vegard seg fint fri på venstresida, og han la eit nydeleg innlegg som Fredrik like nydeleg tok seg av og omgjorde i scoring til 1-1.

Utover i omgangen jevna kampen seg ut, og me var fullt på høgde og vel så det. Ja, det var nok me som hadde dei klaraste målsjansane. Likevel var nok pauseresultatet, 1-1, totalt sett greitt nok.

Etter pausen var me klart best i starten, men fekk ikkje utteljing på sjansane våre. Me hadde likevel på følelsen at det låg mål ”i lufta” til oss.

Når andreomgangen var halvspelt kom Fredrik seg flott fri på høgresida, og slo eit kjempeinnlegg til Øystein som klinka ballen i mål til 2-1 leiiing for oss. No gjekk det vegen…….

Me trong ikkje venta lenge på meir underhalding, for etter 23 min. kom det ein ball ut frå forsvaret til Djerv som landa i beina til Øystein på ca. 25 meter, og BANG der fauk ballen som ei prosjektil i målet til Djerv, utan sjanse for keeper, og 3-1 leiing til oss. Ei fantastisk scoring som var verd inngongsbilletten…..

Etter denne scoringa hadde me relativt god kontroll, for me klarte oss jo med uavgjort.

Djerv 1919 reduserte likevel etter ca. 37 min. til 2-3, så dei siste minutta var likevel lange, før spelarane og lagleiarane kunne sleppa jubelen laus.

Gutane har nok spelt bedre kampar, men det viser at det bur mykje fotball i desse kroppane. Det er jo ekstra kjekt å setja byasane på plass. Kanskje nokon på Haugalandet er i ferd med å sjå at det kan spelast fotball i Suldal også.

Desse spelarane var med mot Djerv 1919: Ingve, Thomas, Mads, Dagfinn, Øystein W., John Herman, Øystein N., Christer, Fredrik, Vegard, Sindre, Lars Kristian, Johannes.

Mål: Øystein N. 2 Fredrik 1

Denne seieren gjorde at laget er vinnarar av 1. div. avd. 3 i haust. Tabellen finn ein ved å gå på ”Aldersbestemt fotball” og G14 og G15. Nokre kampar gjenstår, men ingen kan slå oss.

Bak frå venstre: Svein Øystein Berge lagleiar/trenar, Christer Hansen, Lars Kristian Bakka, Øystein Nærheim, Fredrik Deilkås, Sindre Overskeid, Ingve Berge, Mads Andersson, Dagfinn Nærheim, Ola Å. Nærheim lagleiar/trenar.     Framme frå venstre: Vegard Natland, Thomas Jelsa, Johannes Wigestrand, John Herman Aas, Øystein Wigestrand     I tillegg har Andreas Groven, Steffen Øyjord, Ingvald Halgunset og Håkon Vanvik delteke på laget i løpet av sesongen.

Bak frå venstre: Svein Øystein Berge lagleiar/trenar, Christer Hansen, Lars Kristian Bakka, Øystein Nærheim, Fredrik Deilkås, Sindre Overskeid, Ingve Berge, Mads Andersson, Dagfinn Nærheim, Ola Å. Nærheim lagleiar/trenar. Framme frå venstre: Vegard Natland, Thomas Jelsa, Johannes Wigestrand, John Herman Aas, Øystein Wigestrand I tillegg har Andreas Groven, Steffen Øyjord, Ingvald Halgunset og Håkon Vanvik delteke på laget i løpet av sesongen.

Sesongen under eitt har vore strålande for dette laget. I vår vann me alle 8 kampane i 2. div. med ein målskilnad på 77-10.

Me rekna med ein tøff haust i 1. div., men gutane har gitt svar på tiltale, og vunne 7 av 8 kampar i haust. Kjempebra.

For oss som har jobba med dette laget ein del, må me berre seia at det er ein imponerande gjeng å ha med på både borte og heimekampar. At det i tillegg har fungert så bra kan me takka G14 laget Erfjord/Suldal for. Dei har stilt med 3-6 spelarar i kvar kamp. Takk for det Morten og Øyvind.

Kan jo på slutten også nemna G14 laget, der ein også finn tabell under ”Aldersbestemt fotball”. Og kven toppar, jo Erfjord/Suldal. Gratulerar til dei.

Det ser med andre ord lovande ut for Suldalsfotballen.

Då vil me til slutt takka for i år frå 15 års laget.

Ola og Svein Øystein