Suldal stilte med eit stort sett ungt juniorlag (+ ein senior) mot eit litt jamnare eldre  MIL-juniorlag til treningskamp i Ryfylkehallen  på Tau 2. påskedag.

Denne banen er noko mindre enn vanleg bane ute,  slik at ein kan berre nytte 9 mann på kvart lag. Det var spelt 3 omgangar a 25 min. Sluttresultatet vart 6-2 til MIL.

Suldalslaget var heilt på høgde spelemessig men slit med å scora på sjansane samtidig som MIL var meir effektive framføre mål. Likevel god innsats og godkjend kamp av laget vårt. Desse spelarane våre vil få måla krefter mot seniorlag i 5. og 7. divisjon når sesongen startar 16. og 17. april. Det vil bli mange harde kampar, men med ei god blanding av unge og litt eldre har me god tru før sesongstart.

Målscorerar for Suldal mot MIL: Dagfinn og Øystein

Desse spelarane var med: Ingve, Terje, Ådne, Bjørn V., Christer, Øystein, Dagfinn N., Andreas, Ørjan og Espen.