Ein kjempestart for 2’er-laget vårt i den første kampen nokonsinne. 4-0 – siger burde gi den entusiasmen og pågangsmotet som me treng i ein spennande sesong.

Her kjem Neri sitt referat:

Tåleg bra bane.

Aldri har vel Suldal stilt med ein så låg snittalder på seniornivå. Simmen drog opp både snittalder og vekt, men klarte seg godt, stabiliserte midtbanen godt saman med Fredrik

Vardeneste spelte fyrste 15 min med kun 9 mann. Slapt frå begge lag. Suldal tok truleg for lett på det.  Suldal skjerpa og heva seg utover.

Stålkontroll bakover, sleit noko meir med mottak og avsluttningar. Eit par gode skotforsøk frå Ådne. Øyvind kom åleina med keeper eit par gonger, men makta ikkje å omsetja dette til mål. Meir fart i Suldal sitt spel når Sindre gjekk ut og Øystein overtok venstre kant. Sigvart spelte seg godt opp utover kampen. Tommy bytte med Ørjan etter ca. ½ t. ut i omgangen. Øyvind skåra begge måla til Suldal heilt i slutten på  første omgang.

God tone i laget.

Bjørn Vidvei tok plassen til Terje i andre omgang, forsatt god kontroll bakover. Lite å gjera for Ingve, gode utspark.

Etter 15 min. av andre omgang fekk Andreas plassen til Sigvart, Ådne ut og Dagfinn tok plass med Odd Å i midtforsvaret. Ørjan kom inn når det var ca. 25 min. igjen, Tommy ut. Øysten skåra begge i andre omg. Sigeren aldri trua, alle gjorde ein god figur.

Fakta:

Mål:

2 mål: Øyvind Gjuvsland

2 mål: Øystein Nærheim

Spelarbørsen:

Robert Sjøholt 3 p.

Fredrik Deilkås 2 p.

Øystein Nærheim 1 p.

Lag:

Ingve Berge – Robert Sjøholt, Odd Åsgeir, Ådne Nærheim, Terje Gjuvsland – Simmen Bratland, Fredrik Deilkås, Sigvart Vårvik, Sindre M. Steine – Ørjan Underbakke, Øyvind Gjuvsland

Innbyttarar:

Øystein Nærheim, Tommy Espe, Bjørn Vidvei, Andreas Groven, Dagfinn Nærheim

Mvh Neri