Oppvarming i vakre omgjevnadar.

I strålane ver kom me til Årdal frå kvar vår kant.

To bilar med stort sett rutinerte karar frå Stavanger, og ein bil med ungdommeleg pågangsmot frå Suldal. Det var tid for det næraste me kan kalle eit lokaloppgjer!

Kampen starta godt frå vår side, og alt etter to minutt burde Vegard Aas ha sendt oss i leiinga då han kom gjennom og sette ballen i stanga. Vegard har vore ute med skade ei tid, og trong kamptrening. Han viste gang på gang at han har fysikk som overgår det mest i 7. divisjon. Likevel det var først på fjerde sjansen at han sette ballen i mål. Det kunne han gjere etter eit flott dragning og innlegg frå Halil Husic.

Opp med hovudet, Vegard. Du var kampens store spelar!

Men det var heimelaget som fekk første målet. Det kom sjølvsagt frå Hjelmeland sin måljeger Ronny Mæland. Han utnytta markeringssvikt på eine sida vår, sprang gjennom det elles gode midtforsvaret vårt og sette ballen til sides for Ingve Berge i mål. Ingve spelte ein sikker og god kamp i mål.

Rett før pause fekk me leiarmålet vårt, då Halil slo ein flott korner som Vegard stanga i mål. Me burde hatt større leiing til pause. Forutan Vegard sine sjansar hadde og Ørjan Underbakke ein kjempesjanse som han sette over.

I andre omgang kom heimelaget til nokre sjansar på hjørnespark, eit av dei klarerte Audun Hilde på streken. Det var likevel fortent då Christer Hansen kunne krige inn 3-1 inne i feltet etter flott forarbeid frå Vegard.

Sindre og Dagfinn spelte godt i forsvar.

Dessverre lot me Hjelmeland komme inn i kampen igjen då dei reduserte på eit innlegg. Dette målet var litt surt, sidan Vidar Hilde skulle hatt eit klart frispark i forkant. Mot slutten hadde begge lag nokre sjansar, men ingen greidde å få utteljing. Dermed enda kampen med første bortesiger for Suldal i år.

Faka:

Mål:

7 min: 1-0: Ronny Mæland

22 min: 1-1: Vegard Aas

40 min: 1-2: Vegard Aas

72 min: 1-3: Christer Hansen

80 min: 2-3: Hjelmeland 2

Kort:

Thomas Brustveit, Halil Husic og eitt til Hjelmeland 2

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Vegard Aas

2 poeng: Halil Husic

1 poeng: Thomas Brustveit

Lag:

Ingve Berge – Sigvart Vårvik, Thomas Brustveit, Sindre M. Steine, Dagfinn Nærheim – Vidar Hilde, Øystein Nærheim, Daniel Kristiansen, Halil Husic – Vegard Aas, Ørjan Underbakke

Innbyttarar: Audun Hilde, Christer Hansen